OM MARITIM FORENING

Maritim Forening Sogn og Fjordane er ei interesseforeining for verksemder med havbasert aktivitet i Sogn og Fjordane. Vi har 60 medlemsverksemder som er lokalisert i 14 av fylket sine 26 kommunar. Ved å dele kunnskap om behov, moglegheiter og løysingar kan samarbeid føre til nyskaping og vekst. Derfor er vi opptatt av å skape samlingsplassar for leverandørindustrien. Vi synleggjer kompetansen i fylket, både mellom aktørane sjølve og for aktørar utanfor fylket. Vidare koplar vi saman næringsliv, FoU- og utdanningsinstitusjonar og vi hentar inn og distribuerer marknadsinformasjon. Ønsker du å bli medlem så gje oss ein lyd.

Click here for english version

Kontaktinformasjon

Gje oss ein lyd

Powered by