Brødrene Aa bygger verdas første førerlause ferje

Den førarlause ferja frå Hyen skal etter planen frakte passasjerar i Stockholm frå slutten av 2023.


Ferja blir den første førarlause passasjerferja for kommersiell drift i verda. Det er rederiet Torghatten og autonomileverandøren Zeabuz som står bak prosjektet, og Brødrene Aa i Hyen har stått for design og bygging.

Ferja som skal byggast er ein 12 meter lang katamaran som har ein kapasitet på 25 personar. Båten skal kjøre på strekninga mellom Kungsholmen og Søder Mellarstrand i Stockholm, med 15 timars kontinuerleg elektrisk drift kvar dag.

 

– Dette er ein svært spanande kontrakt for oss. Kanskje ikkje så mykje på grunn av storleiken på båten, men av di det opnar moglegheiter for å levere båtar inn mot byar som vil utnytte vassvegane sine betre, seier viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad.

Lars Endre Gimmestad i Brødrene Aa er begeistra for den nye kontakta. Foto: Brødrene Aa.

 

Ferja skal etter planen stå ferdig i april 2023.

Saka held fram under bildet.

 

Ferja vil ha eit ope, overbygd passasjerdekk med ombordstiging og avstiging i begge endar.

 


Norsk eksportprodukt

 

I første omgang vil båten alltid ha ein kaptein om bord pluss at turen vert overvåka frå eit kontrollrom på land. På sikt er tanken at alt skal styrast frå det landbaserte kontrollrommet.

– Noreg er fremst i verda på autonome fartøy, og vi har kome langt på utvikling av lasteskip. No tar vi dette til neste nivå med testing og utvikling av kommersielle, førarlause passasjerferjer, seier Reidun Svarva, som er leiar for forretningsutvikling i Torghatten.

Reidun Svarva er leiar for forretningsutvikling i Torghatten. Foto: Torghatten

 

Nyttig erfaring fra Trondheim

Det norske teknologiselskapet Zeabuz leverer systemet for sjølvstyringa til passasjerferja. Selskapet har sitt utspring ved det maritime forskingsmiljøet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Saman med NTNU har Zeabuz allereie utvikla ein autonom testferje som går i Trondheim. Prosjektet i Stockholm skil seg ut ved at det blir den første autonome fergja i kommersiell drift.

- Vi har lært mykje av prosjektet vårt i Trondheim, og no er vi klare til å ta neste steg i å skape verdas første kommersielle autonome byferje. Teknologien vil stort sett vere den same, men i Stockholm skal vi teste autonomisystemet i dagleg drift med passasjerar på en måte som ingen har gjort før. Dette blir veldig spennande, sier administrerende direktør i Zeabuz, Erik Dyrkoren.


Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

Linkedin

 
Siri Odijk Solbakken