Julehelsing 2022

Snart er 2022 historie. For oss i Hub for Ocean er kanskje det mest uvanlege at det vanlege har blitt uvanleg. Gjennom to år har vi hatt dialogar og utviklingssamtalar med våre medlemsbedrifter og samarbeidspartar utan å møtast fysisk. Dette gjeld både gamle og nye aktørar i nettverket vårt. Å møtast i eit skjermbilete gjennom det nye media «Teams-møte» gjev ikkje det same engasjementet som eit fysisk møte.

Vi kjenner oss nok igjen i ei gransking utført i samband med digitale møter der det vert avdekka at «63 prosent sender e-post, 47 prosent går på toalettet, 50 prosent lager eller spiser mat, og 65 prosent gjer ting som ikkje er jobbrelatert». Vi har ikkje slutta med Teams – møte, men er no meir eit verktøy for å effektivisere ein hektisk arbeidskvardag, der ein raskt får formidla informasjon til aktuelle aktørar raskare og meir effektivt.

 

For meg har óg 2022 vore eit år for eit vegval. I august overlot eg stafettpinnen til Kristin Svardal som då tok over som ny dagleg for Hub for Ocean. I 10 år har eg hatt gleda av å vere med på å bygge ein organisasjon med eit nettverk og ei gjennomslagskraft innan innovasjon og næringsutvikling. Og med ny status som Arena PRO klynge for Ocean Hyway Cluster var tida no inne for at nye krefter tok over styringa for den vidare utviklinga.

1. august 2022 tok Kristin Svardal over som dagleg leiar i Hub for Ocean. Foto: Lisa Giil.

 
 

Med nye sentrale arbeidsoppgåver innan berekraft og realisering av nye spennande prosjekt, så er eg på mange måtar tilbake til utviklingsgrunnlaget og ei ny vidareføring av fundamentet som Hub for Ocean vart grunnlagt på. Energien og utviklingskrafta er tilbake når det igjen har vorte mogleg å møte nye og gamle aktørar for drøfting av vidare planar for framtida og nye utviklingsmoglegheiter. Utviklingskrafta i alle våre medlemsbedrifter og partnarar er stor, og eg ser fram til å kunne bidra i realiseringa av nye idear og prosjekt - og ikkje minst vere ein støttespelar for alle kollegaene mine. Så datoen og årstalet for når eg går over til å vere pensjonist er ikkje satt, til det har eg fortsatt for mykje ugjort som eg ønskjer å sjå realisert i samarbeid med våre fantastiske medlemsbedrifter og partnerar.

 

Ønskjer dykk alle ei strålande førjulstid og velkomen til oss med nye idear og utviklingsamtaler i 2023 med visdomsorda til Ivar Aasen som har følgt meg i mange år: «Eit ljos brenn like godt, om du kveikjar eit anna med det». Gode ord å ta med seg om det av og til buttar litt imot.

 

 

God jul og eit riktig godt nytt år.   

Stein Kvalsund


Hei, har du spørsmål eller kommentarar? Ta kontakt!

 

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

Linkedin

Maria Hunvik