Multi Maritime Florø flyttar inn i nye lokale

Florø-avdelinga til skipsdesignarane Multi Maritime er på flyttefot og har flytta inn i flotte, sentrumsnære lokale i Florø med nydelig utsikt.

Dei nye lokala er lokalisert i Strandgata 52 i Florø, nærmare bestemt i 4. etasje.

Tidlegare har vi vore lokalisert på Westcon og har hatt fleire rundar om vi skal flytte, ut fra eit ønske om uavhengigheit. Dei nye lokala gjer det mogleg for oss å være meir tilgjengelege for kundar og ha gode og effektive lokale, seier Gustav Johan Nydal, Forretningsutviklar i Multi Maritime.

 

Multi Maritime Florø har nye lokaler i øverste etasje i Strandgata 52. Her kan dei nye utsikta ut mot Strandgata og hamna. Foto: Gustav Johan Nydal

 

I eine hjørnet av kontoret har ein flott utsikt ut mot hamna og over Strandgata. Her har dei plassert ein kosekrok, med komfortable stolar som dei tilsette kan nytte seg av.

 

I kosekroken har dei tilsette moglegheit til å ta seg ein kopp kaffi og nyte utsikta. Foto: Maria Hunvik

 

Utvidar horisonten

Lokala er ikkje det einaste som vert endra hos Multi Maritime. Dei har lenge gjort det godt med design av ferjer og store tankskip, og utvidar no til eit breiare segment med blant anna akvakultur. I tillegg utvidar dei horisonten utanfor våre landegrenser og dei arbeider med å lande internasjonale kontraktar. Dette har dei allereie starta på då dei i førre veke landa ei stor kontrakt om å utvikle ei ny og moderne ferje for den danske øykommunen Læsø saman med danske Hauschildt Marine. Dei satsar også på meir miljøvennlege løysingar innan maritim transport.

Det grønne skiftet er i gang og noko vi ser på. Vi er involvert i prosjekt på batteri, ammoniakk og hydrogen, så vi håpar at nokre av desse går gjennom dei neste åra, avsluttar Nydal med.

 

Dei nye kontora gjer det mogleg for dei tilsette med tettare samarbeid. Foto: Maria Hunvik

 

 Om Multi Maritime

Multi Maritime er ein leverandør av komplette design-, konstruksjon- og tegningspakker for bygging og ombygging av skip. Med kontor i Førde, Florø og Bergen samarbeider dei tett med sine kunder på alle trinn fra første idé, gjennom prosjektutvikling, design og konstruksjon til gjennomføring.


 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin