Skal vise verda korleis bølgjekraft skal gjerast

Havkraft sitt bølgjekraftanlegg skal no installerast hos Svanøy Havbruk i Kinn kommune for å erstatte diesel på eit oppdrettsanlegg!

I dag er det mange dieselanlegg som held hjula i gang på mange ulike fasilitetar rundt omkring i verda, og svært mange av desse vil i framtida verte erstatta av bølgjekraftverk nær land. I Noreg er det kanskje så mange som 100 oppdrettsanlegg som vil ha behov for lokalenergi frå bølgjene, og først ute i verda er det lokale oppdrettsselskapet Svanøy Havbruk. Teknologien vert levert av måløyselskapet Havkraft AS og anlegget skal vere i drift 2. halvår 2023.

Dette er ein målepæl for både kraftbransjen og oppdrettsnæringa. Svanøy Havbruk viser seg som eit innovativt selskap, og Sparebanken Vest leverer på berekraftstrategiane sine i praksis, seier dagleg leiar i Havkraft AS, Geir Arne Solheim.

 

Frå venstre: Nikolai Haldane (Havkraft AS), Geir Arne Solheim (Havkraft AS), Solveig Willis (Svanøy Havbruk) og Kjell Gunnar Lilleøren (Sparebanken Vest). Foto: Maria Hunvik

 

 Kortreist teknologi

Det nye anlegget ved Sandkvia utanfor Svanøy ligg ideelt til for å kunne elektrifiserast med straum frå havet. Svanøy Havbruk har tatt fleire grep for at produkta deira har minst mogleg påverknad på miljøet, og bølgjekraftanlegget gir opphavsgaranti i tillegg til at ein fjernar belastning på kraftnettet i Kinn kommune. Bølgjekraftanlegget vil dekke energibehovet til Svanøy Havbruk og redusere kapasiteten på nettet.

Det er gode bølgjeressursar sør for Svanøy som vi kan hente ut med HAVKRAFT N-CLASS, altså vårt nearshore-anlegg. Målet er å dekke ein stor del av kraftbehovet med ein så god kapasitetsfaktor som mogleg på anlegget. Dette blir eit kommersielt testanlegg, der Svanøy Havbruk vil kjøpe straumen som vert produsert, samstundes som vi jobbar med å optimalisere, dokumentere og utvikle teknologien til kundane som ligg og ventar i prosjektløpet, forklarer Geir Arne Solheim.

 

Prosjektet vert svært kortreist, med både teknologileverandør, kunde, bank og lokasjon innanfor den same regionen. Dette vil bidra til god lokal forankring og oppfølging mellom partane, og bidra til å sette området på verdskartet. Allereie er det varsla besøk frå fleire verdshjørne for å sjå på kraftverket.

Solheim er glad for å sjå at oppdrettsnæringa er såpass offensive i det å fornye seg. Og sjølv om det er store variasjonar i innovasjonsgrada mellom selskapa, så vil nok dei mest innovative som Svanøy Havbruk nyte godt av å vere tidlege brukarar av «det neste store».

Det at Sparebanken Vest òg tek ei så aktiv rolle i dette prosjektet er heilt unikt. Ved å tilby finansiering i eit introduksjonsfase gjer at banken viser ansvar for dei utfordringane vi står ovanfor, og er med på å bygge framtidas Vestland på ein unik måte. Der det tidlegare har vore umogleg å få ny teknologi «bankverdig», så sørgjer Sparebanken Vest for å mogleggjere vekst i ei ny fornybarnæring som vil vekse eksponentielt mot slutten av dette tiåret, seier Solheim.

 

Illustrasjon av bølgekraftverket som skal plasserast på Svanøy Havbruk. Størrelsen på kraftverket vert tilpassa Svanøy Havbruk sitt behov for elektrisk kraft. Credit: Havkraft AS.

 

Eksportindustri

Havkraft har teknologi som er laga i Noreg, og som difor er tilpassa den store, nye «Made in Norway» eksportstrategien til regjeringa. Det kan bety ei stor oppbløming av industri i Noreg med ein internasjonal marknad, der ein leverer energianlegg nær brukarane på alle kontinent.

Det er svært interessant å kunne bidra til å dra energisektoren i riktig retning og tenkje lokal energiproduksjon. Havkraft kan levere produkt til store energiparkar i TWh-storleik, og ikkje minst er det interessant å kunne auke effekten og grunnlasta og senke kostnadene på offshore vindkraft-parkane som er under planlegging. Europa skal ha inn heile 10 % bølgjekraft i den totale energimiksen innan 2025, og Noreg må snart vakne og sjå at denne strategien må adopterast her på berget òg. For oss her lokalt vil det verte svært viktig. Vi kan verte vinnarar innan den nye industrien, meiner Geir Arne Solheim.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin