YS Elektro sikrar verdifull kunnskap og kompetanse i bygda

 

Hub for Ocean har gleda av å ønskje YS Elektro velkommen som nytt medlem. YS Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenester til kundar innan maritime næringar, akvakultur, energisektoren og bygg- og anleggsbransjen.

Selskapet har sin opprinnelse frå elektromiljøet på Havyard Leirvik, og gjennom dette har dei lang erfaring frå konseptstudie, detaljengineering, logistikk og produksjon til ferdigstilling.

Dei er også på jakt etter fleire elektrikarar og automatikarar. Søknadsfrist er satt til 31.01.2022, men vil behandle søknadar fortløpande.

Vi tok ein prat med Håvard Breidvik, dagleg leiar i YS Elektro, for å bli meir kjend med bedrifta.

Kva håper de å få ut av medlemskapet i Hub for Ocean?

Tanken med medlemskapet i Hub for Ocean er å utvide nettverket og forhåpentlegvis få fleire bein å stå på i framtida.

Vi har tidlegare sett at slike medlemsorganisasjonar er ein fin møteplass og døropnar der næringslivet kan auke verdiskaping saman, seier Håvard Breidvik, dagleg leiar i YS Elektro.


Kva var bakgrunnen for at de starta YS Elektro?

YS Elektro vart starta grunna nedbemanning ved Havyard Leirvik. Personell som sto i fare for å miste jobben var ein del av eit sterkt og konkurransedyktig elektro- og instrumenteringsmiljø, som vi ønska å ta vare på og utvikle vidare.
Vi ønska ikkje at verdifull kunnskap og kompetanse skulle forsvinne ut av bygda. Selskapet er eit AS med 10 av dei tilsette som eigarar. Vi ser det som veldig positivt at selskapet har ein lokal eigarstruktur.

YS Elektro består av 16 tilsette. Selskapet er eit AS med 10 av dei tilsette som eigarar for å sikre lokal eigarstruktur. Foto: YS Elektro.

Internasjonale prosjekt

I 2021 tok vi over installatøransvaret for elektroavdelinga ved Havyard Leirvik. Her følgde også ansvaret for ferdigstilling av det elektriske anlegget ombord nybygga som låg ved kai på verftet - Havyard Leirvik. Kundane var danske ESVAGT og norske Frøy.

Vi har også nyleg ferdigstilt eit prøveprosjekt saman med Nelfo - Opplæringskontor for elektrofag i Sogn og Fjordane.

Mykje av ordreboka er i dag knytt til vår gamle arbeidsgjevar og i dag samarbeidspartner Havyard Leirvik. Per dags dato er største delen av arbeidsstaben vår ombord MF Lote. Ferja skal gjennomgå ei større ombygging ved Havyard Leirvik, der drifta skal leggast om frå diesel-mekanisk til batteridrevet framdrift.

Det kommande året vil vi også ha den del serviceoppdrag for kundar både i Norge og i utlandet.


Kva tankar har de for framtida?

YS Elektro vil være eit selskap med dyktige fagfolk med stort fokus på HMS og kvalitet. Selskapet skal være ein total leverandør innan prosjektering, bygging, oppstart og drift av maritim industri og akvakultur.

Vi vil også innan segmenta satse på produktutvikling og levere effektive system som eit aktivt forhald til den grøne skiftet med fokus på energieffektivitet, elektrifisering og alternative energiformer.

I tillegg skal vi vere ein attraktiv arbeidsplass for å utvikle både våre eigne - og nye fagfolk, avsluttar Breidvik med.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no