Praktisk prosjektleiing

Kurs i prosjektleiing i Måløy med oppstart 20-21 oktober 2017 + 2-3 mars 2018

Folkeuniversitetet vil med dette få invitere aktørar frå næringsliv og det offentlege til kurs i prosjektleiing – PLP prosessen med forelesar Tom Joensen, rådmann i Bremanger kommune. Dette kurset har som mål å gje deltakaren innføring i eit vel utprøvd verktøy for prosjektutvikling og -styring. Metodikken er ein kjend og mykje nytta metode og byggjer på fire sentrale prinsipp for god prosjektleiing:

  1. Oppbygging\
  2. Organisering\
  3. Avgjersprosess\
  4. Oppfølging og kvalitetssikring

PLP legg og vekt på personleg ansvar, forpliktande samarbeid og resultat. Det vil difor på dette kurset bli lagt stor vekt på at dei einskilde verksemdene er med og bidreg gjennom erfaringsutveksling og diskusjon. Vi vil og starte kurset med forventningsavklaring, slik at deltakarane får kome med innsepl om kva dei forventer å sitje att med etter at kurset er ferdig. Målet er at desse fire dagane med opplæring i prosjektleiing, skal vere matnyttig, praktisk retta og gje meirverdi til dei som deltek.

Dette er eit kurs for dei som ønskjer ein praktisk og strategisk forståing av prosjektarbeid og prosjektleiing. Med bakgrunn i generell prosjektteori får du kompetanse til å bruke PLP-metodikken som verktøy for å styre og delta i prosjekt på ei målretta og effektiv måte. Kurset passer difor særleg godt for deg som har ansvar for, leier eller deltek i prosjektarbeid, både i offentlig og privat sektor.

Kurset kostar kr. 5900,- (inkl. lunsj) og vil gå over 28 timar. Forelesar vil i løpet av kurset ta opp følgjande tema:

  • Kva er prosjekt
  • Strategisk forankring
  • Faseinndeling
  • Målstruktur
  • Prosjektorganisering
  • Prosjektmandat
  • Planlegging
  • Kostnader og kompetanse
  • Kritiske risikofaktorar
  • Gjennomføring og oppfølging
  • Gevinstrealisering

Kurset er retta inn på å vere praktisk og konkret. Forelesar er til vanleg rådmann i Bremanger, men har og arbeidd mykje med prosjekt og prosjektleiing og har lang røynsle som forelesar. Kurset gjer ikkje studiepoeng og vil gå over to samlingar i Måløy. Varm lunsj vert servert kvar kursdag. Det vert ei samling i haust og andre samling blir fredag 02 og laurdag 3 mars 2018. Det vert lagt opp til mellomliggande arbeid med ein konkret case som skal løysast i mellom dei to samlingane.

For å melde deg på kurset, trykk her . Kan vere ein fordel å bruke anna nettlesar ein explorer.

Publisert: 03.07.2017 00:00