Lutelandet Utvikling AS

Lutelandet Utvikling AS vart skipa i 2005 av dei fem kommunane i HAFS-samarbeidet og fylkeskommunen. Målet for selskapet er å skape grunnlag for industribygging på Lutelandet lengst vest i Fjaler kommune. Attvinning av utrangerte oljeinstallasjonar blir hovudverksemda på området dei næraste åra. Industriområdet har også plass til servicehamn for petroleumsindustrien, produksjon og leveransar til offshore vindkraft. Ved industriområdet skal Lutelandet Energipark produsere nok kraft til å forsyne heile HAFS-regionen med straum. Innseglinga har minimumsdjupne på 100 meter og kaiar har minimumsdjupne på 20 meter.

Lutelandet Utvikling AS