Nyheter

Samarbeid i Vågsøy resulterte i Enova støtte på 11 millionar

Stadyard får Enova Støtte til energioptimalisering

Stadyard på Raudeberg får støtte frå Enova til energioptimalisering på to nybygg, bnr. 41 og 42. Til saman mottar Stadyard 11 160 000 NOK. Eit av dei viktigaste måla for prosjektet er å redusere det totale energiforbruket mest mogleg, samtidig som man har ein tilnærma normal drift av båtane.

Eit resultat av godt samarbeid

Fleire medlemsverksemder frå Måløy har deltatt i forprosjektet. Blant anna har Skipskompetanse designa båtane saman med byggverftet og Stadt Towing Tank er modelltank og bidrar som leverandør av CDF analyser. Reiarane som har bestilt båtane skriv i ei pressemelding at dei har hatt gleda av å oppdage at Måløy miljøet har ei slik skaparkraft innan skipsdesign og uttesting av skrog.

Dagleg leiar i Stadyard Agnar Lyng seier forprosjektet hadde hovudfokus på optimalisering av driftsprofilar med gunstigast mogleg forbruk. Han legg til at det er inspirerande, utfordrande og lærerikt å samarbeide med kompetansemiljø og reiarar som tar miljøet på ansvar

Bygg nr. 42 «Støttfjord» skal leverast til Brødrene Bakken AS i Bodø i desember 2018 mens bygg nr. 41 «Trondskjær» skal leverast til Oddvar Nes AS i Botnhamn i mars 2019.

Les meir i Skipsrevyen

For ytterligere informasjon kontakt\ Daglig leder i Stadyard AS, Agnar Lyng, mob. 908 86 777 / agnar@stadyard.no
Daglig leder i Skipskompetanse AS, Per Jørgen Silden, mob. 416 66 881 / pjs@skipskompetanse.no
Kontaktperson i Oddvar Nes AS, Trond Berntsen, mob 971 81 173 / trond@lisebeate.no
Styreleder i Brødrene Bakken AS, Kjell Bjørnar Bakken, mob 977 16 012 / k-ba@online.no

Publisert: 25.08.2017 12:01