Nyheter

Vekas verksemd er Fjord Shipping AS

Kvar veke kan du bli betre kjend med ei av medlemsverksemdene til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Denne veka presenterer vi Fjord Shipping AS og dagleg leiar Knut Eltvik. Denne spennande verksemda driftar heile 22 skip frå kontoret i Måløy.

Verksemd: Fjord Shipping AS\ Etablert:1994
Tilsette:18 + 9 inkl. Fjord Services AS
Omsetnad: samla ca. 42 mill. begge selskapa

Fortel om Fjord Shipping

Fjord Shipping er eit driftsselskap for skip, som er ein omfattande operasjon som krev at fleire fagområde jobbar godt saman. I dag leverer vi tenester innanfor fagområda teknisk drift, mannskap, innkjøp og QA/HMS. Vi har også et eige autorisert rekneskapsfirma, Fjord Services AS. Saman med eigen omsetnad forvaltar vi totale budsjett på mellom 250-300 mill. avhengig av tal fartøy som skal gjennomgå verkstadopphald for klassefornying eller oppgraderingar i løpet av året. I tillegg leverer vi alt av økonomitenester til de skipseigande selskapa som rekneskap, budsjett, årsoppgjer/likningspapir, hyre, styre, leiarfunksjonar med meir.

Kva varer og tenester kjøper de eksternt?

Vi står for all innkjøp til 22 båtar, men sidan dei ikkje seglar i våre nærområde blir brorparten av innkjøpa gjort i andre norske og utanlandske hamner. Men Måløy ligger fantastisk til langs riksveg 1, så dersom fartøya passerer Måløy på tur nord eller sør stoppes dei ofte slik at vi kan levere forsyningar eller utføre leiingsbesøk. Elles bruker vi i størst mogeleg grad Måløy hamn til ventehamn kombinert med vedlikehaldsstopp for enkelte skip. I slike tilfelle nyttar vi oss av lokalt næringsliv i Vågsøy og andre leverandørar i S&F som leverer konkurransedyktige tenester i samsvar med våre behov.

Kven er dine viktigaste lokale samarbeidspartnarar?

Skipa har ulike behov, så det er vanskeleg å namngi enkeltbedrifter, men vi bruker lokale teneste- og vareleverandørar så ofte vi kan. Dette inkluderer leverandørar i Florø, Ålesund, Bergen etc.

Fortel om nokre spennande prosjekt de jobbar med for tida

Fjord Shipping er i sluttfasen med å gjennomføre ISO sertifisering. Vi er også i ein prosess med å gjennomføre ein tung oppgradering av våre interne vedlikehaldssystem og kvalitetssikringssystem. QA blir ein stadige viktigare del av drifta og vi tar sikte på å vere i front når det gjeld kvalitetssikring i alle arbeidsprosessar.

Har du ein utfordring til kva Maritim Forening Sogn og Fjordane bør fokusere på framover?

Grøn skipsfart vil vere eit viktig område for norsk maritim sektor framover. Dei som ikkje klarer omstillinga vil merke det på drifta innan få år. Finansiering og støtteordninga av grøne løysingar er eit tema vi er opptatt av og ser gjerne at maritim foreining tar ballen.

Har du ei utfordring som våre lesarar kan hjelpe deg med å løyse?

Vi er på jakt etter ein teknisk inspektør i selskapet, ei stilling du kan lese meir om her Denne kan de gjerne spreie i dykkar kontaktnettverk.

Kva er verksemda sine ambisjonar ?

Selskapet er godt rigga for vidare vekst, men vi er veldig opptatt av at vekst aleine ikkje er vårt hovudmål. Vi arbeider godt med organisasjonen for at vi skal kunne levere gode og robuste tenester. Vår bransje lever med små marginar og det er eit mål at vi skal bidra til å gjere ein forskjell med best mogleg drift på skipa for vår arbeidsgivar.

Ambisjonen er å bygge vidare på dagens grunnlag og å vere eit robust og kompetent management selskap. Vi sel tenester og er avhengig av å alltid ha dei beste hovuda. Det har vi i dag og det skal vi også ha i framtida.

Publisert: 25.08.2017 09:59