Nyheter

Reodor klubben treng støtte frå næringslivet

Reodor klubben har gjennomgått ein formidabel vekst, men ber no næringslivet om økonomisk støtte til utstyr for å kunne oppretthalde eit godt tilbod for alle dei interesserte.

Reodor klubben, som held til i Protolab Vest sine lokale, vart skipa av det teknologiske miljøet på Hellenes fordi dei ønska å setje teknologi og praktisk på dagsorden. På den måten kan dei vise barn og unge at teknologi er gøy og ikkje minst gje dei eit godt fundament for framtida, då utviklinga mot eit teknologisk samfunn går i ein forrykande fart.

Reodor klubben har hatt ein fantastisk start og har sidan oppstarten i januar 2017 fått 507 medlemmar. Kvar torsdag samlar dei mellom 80 og 100 brukarar frå heile regionen. Her kan både vaksne og barn møtast for å nytte seg av mykje teknologisk utstyr og svært kompetente instruktørar som alle arbeider på dugnad.

Utvidar drifta

Grunna stor interesse vil tilbodet frå Reodor klubben bli utvida til to dagar i veka, der unge over 15 år vil bli prioritert på dag to. Eit omfattande kursopplegg er også klart, kor ein finn 20 kurs innan blant anna sveising, koding, CNC og lodding.

Treng støtte til å kjøpe meir utstyr

I utgangspunktet var det forventa at 20-30 ungar ville dukke opp ein gong i veka. Dette gjekk over all forventing og resulterte i det tredobbelte. Grunna dette trengs det utviding av areal og maskinpark for å kunne gje eit godt nok tilbod til dei interesserte. Dei ber derfor næringslivet om hjelp til å støtte dei med finansiering til verktøy, utstyr og nødvendig kursutstyr. Med den rette infrastrukturen på plass kan dei utgjere ein forskjell for barn og unge i framtida.

For meir informasjon, sjå fullstendig søknad med blant anna kursplan frå Reodor klubben her

Om du har spørsmål eller ønsker å bidra oppfordrast det å ta kontakt med leiar for Reodor klubben Frode Steen på Tlf. 97731334.

Publisert: 01.09.2017 09:07