Nyheter

Strategiske samarbeid fører til nye moglegheiter

Torsdag 31 august var gode samarbeidspartnarar samla hos Vestnes Ocean

31 August var det duka for haust kick-off hos Vestnes i Leirvåggata. Her var gode samarbeidspartnarar og lokalt næringsliv samla til faglege bidrag og hyggeleg lag. Her fekk vi presentasjonar frå samarbeidspartnarar Saint Gobain Weber, Blåkläder og Ramirent, god grillmat frå Bistro to kokker og live musikk frå bandet Hayseed. Sistnemnte med florømannen Terje Kjørlaug på gitar.

Synergieffektar av godt samarbeid

Det kom tydeleg fram i presentasjonane at Vestnes Ocean og dei andre leverandørane har fokus på strategiske samarbeid. Atle Thu frå Weber sa at det gode samarbeidet med Vestnes Ocean er ei styrke for dei begge. Dei veit kva den andre er god for og kan dermed trygt hjelpe kvarandre å komme inn på nye prosjekt og marknadar. Marknadssjef i Vestnes Ocean Morten Eriksen bekreftar dette, og seier at som sertifiserte golventreprenørar kan dei jakte prosjekt saman.

Morten fortel at arrangementet «haust kick off» er noko dei vil gjere til ein årleg hending. Å møtast i hyggeleg lag med gode samarbeidspartnarar er viktig for å oppretthalde gode relasjonar, men og synleggjere kva ein kan tilby av produkt og tenester.

Avbilda frå venstre: Birger Erstad, Sturle Stenhjem, Atle Thu (Saint Gobain Weber), Rune Ulriksen (Blåkläder) Ken Enebakk, Kay Andre Kristoffersen (Ramirent), Daniel Garden (Saint Gobain Marine Applications), Kjetil Bollestad, Jonny Bjørnset (Vestnes Ocean), Luigi (Luigis Qingdao)

Publisert: 01.09.2017 10:51