Nyheter

Vekas verksemd er Pro Stål Service As

Kvar veke kan du bli betre kjend med ei av medlemsverksemdene til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Denne veka presenterer vi Pro Stål Service As som ligg i Florø ved dagleg leiar Stein-Arve Olsen.

Verksemd: Pro Stål Service As. \ Etablert:2016
Tilsette:60
Omsetnad: 34 mill så langt i 2017

Kva leverer de av vare og teneste?

Pro Stål Service leverer tenester til verftsindustri, on/offshore, landbasert industri og havbruk innanfor fleire faggrupper. Vi har platearbeidarar, sveisarar, utrustarar, mekanikarar, stillasarbeidarar, navigatørar og personell for leiing av maritime operasjonar. Vi utfører oppdrag på fastpris og timepris både lokalt og nasjonalt. Verksemda har også ein eigen verkstad i Florø, det vi kan utføre tenester innan sveising, reparasjonar, ombygging og anna.

Kva varer og tenester kjøper de eksternt?

Verktøy, verneutstyr og vaskeritenester er per i dag dei viktigaste og største innkjøpa vi har. Vi prøver så godt det lar seg gjere å handle lokalt, men pris er naturleg nok ein faktor vi må ta omsyn til i ein pressa marknad.

Kven er dine viktigaste lokale samarbeidspartnarar?

Westcon Yard Florø er vår viktigaste samarbeidspartnar ettersom vi har hovudaktiviteten vår på verftet. I år har vi bygga seksjonar for Westcon, blant anna til Skandi Darwin. Dette var ein stor og viktig jobb for fleire av Westcon sine underleverandørar.

Fortel om nokre spennande prosjekt de jobbar med for tida

Akkurat no held vi på å bygge 12 tankar for Westcon i Florø. Dette er fiskemjøl og råstofftankar som skal installerast på Karmøy. Prosjektet sysselsett ca. 40 mann og er derfor ei veldig viktig kontrakt for å oppretthalde kompetanse og bemanning i selskapet.

Har du ein utfordring til kva Maritim Forening Sogn og Fjordane bør fokusere på framover?

Vi trur det kan vere lurt å sjå meir på samhandling mellom maritim og landbasert næring. Landbasert industri / byggebransjen kan mest sannsynleg dra nytte av tenestene til den maritime næringa.

Kva er verksemda sine ambisjonar ?

Pro Stål Service skal vekse og utvide vår kompetanse, kundeportefølje og fagområde for å kunne styrke verksemda mot framtidige prosjekter. Vi har og ein liten verkstad i Florø som vi ønsker oss meir aktivitet i.

Avbilda: Stein Arne Olsen og Håvard Henriksen.

Publisert: 01.09.2017 11:13