Nyheter

Vekas verksemd er Stadt Towing Tank

Kvar veke kan du bli betre kjend med ei av medlemsverksemdene til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Denne veka presenterer vi Stadt Towing Tank AS i Måløy ved dagleg leiar Vegard Å. Larssen. I deira testsenter prøvar dei ut nye maritime og marine løysingar før dei kjem på marknaden.

Etablert:2007
Tilsette:5 faste, ca. 7 årsverk
Omsetnad: 5,1 i 2016

Fortel om kva Stadt Towing Tank jobbar med

Stadt Towing Tank er eit hydrodynamisk testsenter som vi har bygd opp dei siste 10 åra. I hovudsak utfører vi eksperimentelle hydrodynamiske forsøk i eit stort testbasseng på LBD= 185x8x4m.

Forsøka gjerast på nedskalerte fysiske modellar av marine / maritime konstruksjonar. Som regel testar vi skip, men spennet er stort så vi har også testa oppdrettsanlegg, vindmøllefundament, installasjonsførtøy for vindmøller, brukonstruksjonar, tauverk og paravaner for seismikk.

I forkant av forsøka produserast ein nedskalert testmodell i eigna størrelse. Denne utrustast og instrumenterast iht. prosjektet. Deretter utførast ei rekke testar for å innhente dei måledata kunden etterspør og det utarbeidast rapport for heile prosjektet.

Vi opplev auka etterspørsel etter å kombinere eksperimentelle testar med numeriske analyser / simuleringar og vi kjem til å levere meir av dette framover. Simulering nyttast som støtte i samband med justering av design. Man bygger deretter ein testmodell som testast eksperimentelt.

Kva varer og tenester kjøper de eksternt?

Vår største leverandør er nabobedrifta EasyForm AS som leverer skrogmodellar til oss. Vi nyttar også BFG-Mek til diverse mekanisk produksjon og elles mykje lokale bedrifter. I tillegg nyttar vi ei rekke leverandørar på sensorar og datautstyr som vi bruker til testing og måling.

Fortel om nokre spennande prosjekt de har jobba med

Dei fleste av våre kundeprosjekt går på testing og utvikling og nye løysingar. Dermed er i grunnen alle prosjekt veldig interessante. Men skal eg tekkje fram eit spesielt, så vil eg nemne supersportserien (yacht) til Palmer Johnson. Dette var eit prosjekt med mykje norsk i seg og mange bidragsytarar frå Nordfjord. Blant anna var skroga designa av Ola Lilloe-Olsen og Brødrene Aa stod for støyping a skrog og overbygg

Kva er verksemda sine planar for det neste året?

Vi forsøker å bli eit Norsk katapultsenter . Hos eit katapultsenter skal bedrifter kunne teste, simulere og visualisere nye løysingar. Dette er langt på veg det Stadt Towing Tank gjer i dag saman med miljøet i Måløy, men vi søker i disse dagar å bli tatt opp i Siva sitt program for Norsk Katapult. Målet er å gjere vegen frå konseptstadiet til marknadsintroduksjon enklare for bedrifter. Søknaden har akkurat blitt sendt inn og det blir spannande og sjå om vi kjem til runde to.

Kva er verksemda sine ambisjonar for dei neste 5 åra?

Vi ønsker å kunne tilby fleire tenester og tilsette fleire. Vi byggar opp kapasitet på simulering og analyse og vi er i gang med å undersøke om vi kan bruke sjøen rett utanfor anlegget vårt til å gjere enda fleire testar og målingar.

Publisert: 08.09.2017 09:22