Nyheter

Fjord 1 AS vann milliardkontrakt på Nordmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem til Fjord 1 AS. Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020, og kontraktssummen er sett til ca 1,9 milliardar kroner. Det var god konkurranse om anbodet - Fjord 1 AS bydde den lågaste prisen og fekk full skår på miljøpoeng.

Reduksjon av utslepp

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2 – utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energiforbruk. Fem av seks fartøy på dette sambandet kjem til å gå som batteriferjer. Med miljøferjene blir CO2 – utsleppa redusert frå om lag 9 450 tonn årleg, til om lag 2 312 tonn årleg. Dette er er ein reduksjon på over 75 prosent.

Maritim Forening Sogn og Fjordane gratulerer Fjord 1 AS med nok ei kontrakt!

Publisert: 09.01.2018 11:41