Nyheter

Oceaneering Florø vinn kontrakt med Saga Fjordbase

Oceaneering Florø er i vinden og signerte torsdag enda ei lokal kontrakt!

Oceaneering avd. Florø signerte i dag kontrakt på at dei skal utføre all kontroll på Saga Fjordbase sine maskiner og på løfteutstyr. Kontrakta går over to år, men med moglegheit for å forlenge den i til saman fire år til.

Seksjonsleiar Roger Lien er godt fornøgd med å få på plass denne kontrakta og ser lyst på framtida. Avdelinga i Florø består i dag av 13 personar, men Lien seier at verksemda sannsynlegvis vil tilsette 3 nye i løpet av dette halvåret. For augneblinken har dei utlyst ei stilling som inspektør, som du kan finne her. Han seier også at aktiviteten er veldig god og dei tilsette har full timeplan i lang tid framover. Det interessante er auka i førespurnader frå andre type verksemder enn dei tradisjonelt jobbar med. I tillegg til mykje arbeid offshore, er dei også involvert i sjøfart og har fleire jobbar innanfor landbasert industri. Dette er bevisst, då seksjonsleiaren er opptatt av at Oceaneering avd. Florø skal vere ei robust avdeling med fleire bein å stå på, noko vi har skrevet om tidlegare.

Vi gratulerer Oceaneering Florø med ei viktig kontrakt.

Saka var også omtalt i Firdaposten, den finn du her

Publisert: 11.01.2018 14:01