Nyheter

Plast og komposittkonferansen 2018

Årets plast- og komposittkonferanse er lagt til Trivselshagen på Sandane.

Som del av arrangementskomiteen var Maritim Forening Sogn og Fjordane Torsdag 11. januar i møte med resten av komiteen. Det er ein bredt samansatt komitee beståande av lokale og nasjonale aktørar, som alle jobbar med å spikre eit variert program og ei profesjonell gjennomføring av sjølve konferansen. Dei siste detaljane i programmet forventar vi at er på plass ved månadsskiftet. Konferansen går føre seg 30. og 31. mai, så merk deg datoen allereie no. Vi vil halde deg oppdatert via nettsidene våre. Du kan også finne informasjon og link til påmelding på konferansen sine eigne nettsider. Les meir her

Publisert: 12.01.2018 09:40