Nyheter

Nortekstil opprettar kundesenter i Florø

Nortekstil er Noregs leiande leverandør av tekstiltenester, og har kundar spreidd rundt om i landet. Dei ønskjer no å profesjonalisere kundehandteringa, og har beslutta å bygge opp eit eige kundesenter. Det er gledeleg at kundesenteret er beslutta lokalisert i Florø, kor Nortekstil har hovudkontoret sitt i dag. Dei ser føre seg at kundesenteret etablerast i løpet av hausten 2018, og at dei vil tilsette inntil 5 personar her. Prosessen med å tilsette leiar for kundesenteret har dei starta no. Les meir om stillinga her.

Publisert: 09.02.2018 08:10