Nyheter

Plast- og komposittkonferansen 2018

Ambisjonane er løfta når Nordfjord Teknologiutvikling går saman med arrangørane av Teknologi- og Polymerdagane for å arrangere Plast- og Komposittkonferansen 2018.

Maritim Forening Sogn og Fjordane er også i år med i komiteen som jobbar fram årets bransjetreff. Konferansen finn stad på Sandane 30. – 31. mai. Dette er ein nasjonal konferanse om bærekraftige materialer og sirkulær økonomi, og vi finn mange aktuelle temaer i årets program:

Nina Jensen, leiar for forskings- og ekspedisjonsskipet REV, vil setje fokus på korleis plast og plastavfall i havet kan nyttiggjerast. Statoil er ein anna føredragshaldar på konferansen, og vil fortelje om Statoils strategiske satsing på lette og haldbare materialer. Les meir om agendaen og meld deg på her

Publisert: 13.02.2018 14:08