Nyheter

Denne veka tek vi pulsen på: Vestlandsforsking

Denne veka tek vi pulsen på forskingsinstituttet Vestlandsforsking i Sogndal, og vi har tatt ein prat med direktør Merete Lunde.

Fortel kort om Vestlandsforsking

Vi er i dag 30 tilsette som held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal. Målet vårt er at vi skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar og levere kunnskap som møter dei store samfunnsutfordringane, og bidra til innovasjon og berekraftig utvikling. Dei tre faglege hovudområda våre er klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

Fortel oss litt om status i di verksemd

Vi har fleire spennande forskingsprosjekt på gang saman med både offentlege og private verksemder. Eit av dei er om hydrogen og andre lågutsleppsløysingar i hurtigbåttrafikk, der vi samarbeider med Maritim Forening. I tillegg til fornybar energi og transport, er klimatilpassing eit av våre fagområde. Sogn og Fjordane vil mest sannsynleg møte særleg store klimautfordringar knytt til ekstremvêr og naturskadar som flaum og skred, og det er eit aukande behov for kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg dei klimaendringane som er på veg. Vi har planar om å sette Sogn og Fjordane på kartet som eit nasjonalt kunnskapssenter på området.

Vi har til dømes prosjekt der vi ser på korleis kystområda kan handtere dei endringane som skjer fordi havet vert surare, og korleis ein kan omstille seg til eit samfunn med lågare utslepp av klimagassar. Eg vil og nemne det nye Teknoløft-prosjektet som startar opp no i 2018. Det legg opp til auka samarbeid mellom næringsliv og forskings- og utdanningsmiljøa som er lokalisert i same region. Vi har sett digitalisering, automatisering, robotikk og stordata på agendaen, og vi er no i ferd med å rekruttere doktorgradsstudentar til prosjektet og etablere møteplassar med næringslivet. Maritim Forening er med i referansegruppa for prosjektet saman med ei rekke verksemder frå fylket, og det er opning for fleire å vere med.

I tillegg til regional forskingsaktivitet samarbeider vi også med internasjonale forskingsmiljø, og vi er for tida involvert i to Horisont 2020 prosjekt. Eit på stordata og transport, der forskarane skal studere og analysere stordata i transportsektoren i Europa. Prosjektet skal ende opp med anbefalingar om korleis ein best bør integrere og bruke stordata i transportsektoren. Det andre prosjektet er innanfor bioøkonomi, og her skal vi sjå på kva barrierar som finst for produksjon av biobaserte produkt som til dømes bioplast, og vere med å utvikle strategiar for å overkomme barrierane.

Reiseliv er eit av dei tre hovudfagområda våre. Sogn og Fjordane har eit naturgrunnlag for reiseliv i verdsklasse, og det er behov for ny kunnskap på fleire område for å realisere potensialet for utvikling på ein berekraftig måte. Vi arbeider både med cruiseturisme og opplevingsturisme, og ikkje minst sosiale media og rating-system på nett for reiselivsnæringa.

Fortel om marknaden de er ein del av

Vi opplever etterspurnad etter alle dei tre fagområda våre; klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Men det er også sterk konkurranse om offentlege forskingsmidlar knytt til dei. Vestlandsforsking har ei grunnløyving frå staten og fylkeskommunen på om lag 15% av omsetninga. 85% av inntektene kjem gjennom forskingsoppdrag for både offentlege og private oppdragsgjevarar og frå samarbeidsprosjekt der vi har konkurrert om midlane. Vi konkurrerer både om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar, og nålauget er trongt. Prosjekta skal ha høg fagleg kvalitet og gje stor samfunnsnytte.

I tillegg til å hente FoU-middel til eiga drift, bidreg instituttet gjennom samarbeid med offentlege og private aktørar også til å skaffe risikoreduserande kapital til samarbeidspartnarar i fylket når dei set i gang med forsking og innovasjonsprosjekt. Vi ser ein aukande etterspurnad etter denne type samarbeidsprosjekt.

For det regionale instituttet som Vestlandsforsking er, er det viktig å vere tett på samarbeidspartnarane og oppdragsgjevarane våre. I 2016 blei vi vertskap for EU-nettverk Sogn og Fjordane som skal hjelpe lokale aktørar å komme med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020.

Vi skal ikkje ha alle fagområda i Sogndal, men vi samarbeider med andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø som har den kompetansen som er naudsynt i eit prosjekt for å løyse oppgåva. Vi har mål om å vere ein brubyggar og ein strategisk samarbeidspartnar. Andre aktørar som er viktige for oss er høgare utdanning (bl.a. HVL), kommunane i S&F, fylkeskomunnen, fylkesmannen, andre offentlege etatar og sjølvsagt ei rekke ulike næringslivpartnarar.

Sei noko om kva kompetanse som er strategisk viktig for dykk?

Vi har eit breitt samansett forskarkollegium med tverrfagleg kompetanse. Det gjer at vi har både breidde- og spisskompetanse til å ta ei rekke ulike forskingsoppdrag og samtidig hevde oss på internasjonalt nivå på nokre område som til dømes stordata.

No i februar har vi rekruttert ein nyutdanna forskar med doktorgrad frå Sør-Korea med den kompetansen vi var ute etter på det internasjonale Horisont 2020 prosjektet om bruk av stordata i transportsektoren. Siste kvartal har vi også rekruttert forskarar til både reiselivsforskinga, og til prosjekt der vi ser på kva som skjer med jentene i arbeidslivet når det vert meir og meir teknologi. Vi veit at av dei som vel koding som valfag på skulen er det berre 16% jenter og dei er i mindretal på å velje utdanning innan teknologifag. Vi ønsker å sjå nærare på kva som skal til for å få jentene interessert til å drive med teknologidrivne innovasjonar. Både kompetanse innan innovasjon og samfunnsfag er strategisk viktig for oss.

Ved Vestlandsforsking arbeider det blant anna geografar, samfunnsvitarar, ressursforvaltarar, statsvitarar, økonomar, ingeniørar og teknologar. Vi legg vekt på evna til å arbeide med fleire fag og på tvers av faga. Vi har eit mål om at over 50% skal ha doktorgradsutdanning, og vi er på det målet no. Vi har lyst ut ei forskarstilling på klimaomstilling, og det kjem snart ei ledig stilling for ein doktorgradskandidat som ynskjer å jobbe med stordata på eit regionalt case.

Kva tenker du om framtida?

Vi har trua på framtida. Sjølv om trenden i forskingssektoren er større einingar og sentralisering til byane, har vi ingen planar om å slå oss saman med andre. Fleire stiller spørsmålet om det ikkje vil bli vanskeleg for dei små ute i distrikta, men eg trur at dei regionale institutta vil ha ei viktig rolle framover i dei nye regionane ved å vere tett på kommunar og næringsliv. Vi har ei pådrivarrolle for forsking i regionane, og så lenge vi publiserer vitskapleg på høgde med dei store forskingsinstitusjonane, noko som er forskingsinstitusjonane sitt kvalitetsstempel, kan vi like godt vere lokalisert i Sogn og Fjordane som nokon annan plass.

Vi har i 2017 blitt evaluerte saman med dei andre institutta, og vi er glade for å oppnå svært gode resultat i evalueringa. Vi vart råda til å fortsetje strategien vår, som er å halde på breidde og spiss innanfor dei tre hovudområda våre, som er klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

Korleis kan Maritim Foreining bistå inn i framtidsbildet?

Maritim Forening tek opp mange interessante tema som engasjerer, og det var difor vi søkte medlemsskap hausten 2017. Foreininga har eit sekretariat som er aktive prosjektutviklarar og deltek i både regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, og gjer ein god jobb med å skape samlingsplassar, synleggjere kompetanse i fylket og kople saman næringsliv og forskings- og utdanningsinstitusjonar. Fortset gjerne med det. Vi ser fram til vidare samarbeid om Arena-klynge for hydrogenverdikjede og deltaking i andre aktivitetar.

Sogn og Fjordane er gode på å innovere ved innkjøp av utstyr, men er ikkje blant dei fylka som investerer mest i forsking og utvikling, sjølv om det finst gode eksempel på nettopp det. Det er potensial i Sogn og Fjordane for meir bruk av forskingsbasert kunnskap i utvikling og innovasjonsprosessar både i privat og offentleg sektor, og mykje spanande er på gang. Her har Maritim foreining ei viktig rolle å spele med å fortsetje arbeidet med å legge til rette for møteplassar og vere initiativtakar til samarbeidsprosjekt om forskingsbasert innovasjon.

Publisert: 16.02.2018 07:22