Nyheter

Strukturplast skal utvikle NORSelast® AF

Strukturplast har fått støtte frå Forskningsrådet til å utvikle eit polyuretanmateriale med Antifouling eigenskapar. Målet for prosjektet er å lage eit miljøvennleg plastmaterial som tang og tare ikkje vil gro på. Testpartnar og sluttkunde er Selstad i Måløy.

130 verksemder får til saman over ein milliard kroner til forsking frå Forskningsrådet. Pengane skal bidra til innovasjon og nye arbeidsplassar i norske verksemder. Strukturplast på Sandane stod for eit av prosjekta som er vedtatt å støtte.

Prosjektet Strukturplast har fått støtte til går ut på å utvikle eit polyuretanmateriale med Antifouling eigenskapar. Dette utviklast ved at man støyper inn AntiFouling eigenskapar i materialet, samtidig som NORSelast® materialet beheld dei gode mekaniske eigenskapane. Stoffa har ikkje negativ påverknad på miljøet, men forhindrar danning av biofilm. Målet for prosjektet er å lage eit miljøvennleg plastmaterial som tang og tare ikkje vil gro på. Dagens coatingsystem som skal sørge for å minimere begroing i sjøen inneheld giftige kjemikaliar (biocider) som drep bakteriane som fester seg på overflata. Dei har og negativ påverknad på miljøet, så myndigheitene jobbar i dag med å avgrense bruken av slike stoff.

Kompetent prosjektgruppe

Prosjektgruppa består av Strukturplast som prosjektleiar og initiativtakar, Inhibio som ekspert på antibakterielle stoff som motverker groe, Norner og Aquateam COWI som testinstitutt og FoU-partnarar og Selstad som sluttkunde og testpartner. I prosjektet skal det gjennomførast mikrobiologiske analyser, kjemiske analyser, overflateanalyser og mekaniske analyser. Prosjektet skal teste ut kjemiske miljøvennlege stoff, overflatestruktur og produksjonsprosessar for å komme fram til NORSelast® AF.

NorSelast®

NORSelast® er eit av verdas sterkaste elastiske material og brukast hovudsakeleg der man ønsker lang levetid, høg styrke og god absorbering av destruktiv energi. Materialet er ein elastomer polyuretanbasert herdeplast med polyeter-bindingar som fører til ei levetid på over 50 år i tøffe maritime miljø. Materialet brukast i olje og gass, fiskeri og oppdrett, skipsfart og båt, fornybar havbruksenergi, seismikk og forsvar.

Prosjektperioden er på 3 år, med prosjektstart i Q1 2018. Budsjettramma er på 24.600.000 NOK.

Publisert: 16.02.2018 09:46