Nyheter

Denne veka tek vi pulsen på: Enivest

Denne veka tek vi pulsen på Enivest, ei verksemd som brenn for gode løysingar, innovasjon og lokalt samfunnsansvar. Enivest vil gjerne bli utfordra av medlemsmassen i Maritim Forening Sogn & Fjordane og saman jobbe for å løyse ulike problemstillingar.

Fortel kort om Enivest

Vi er i dag 50 tilsette som held til i Førde og på Sandane. Vi har som mål å bygge ut høghastigheitsbreiband til flest moglege i Sogn og Fjordane. Dette gjeld både privatkundar, bedriftskundar, det offentlege og operatørar. Enivest har Sogn og Fjordane fylkeskommune, alle dei nasjonale operatørane og ei rekke private verksemder som kundar. Vi har kundar av alle storleikar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Enivest er glad for å komme inn i nettverket til Maritim Forening. Maritim Forening sine medlemsbedrifter er dyktige verksemder i ei spennande næring som veks og har stort potensiale framover. Enivest har levert kommunikasjonsløysingar og tilknytt tenester for mange av verksemdene i nettverket. Av den grunn synst vi det er nyttig å komme tettare på, slik at våre produkt og tenester kan utvikle seg i lag med Maritim Forening sine verksemder. Vårt håp er at det i grensesnitt mellom medlemsbedriftene og Enivest kan bli skapt ny innovasjon. Enivest har allereie hjelpt mange verksemder med framtidsretta løysingar og lagt grunnlag for bedriftsintern kommunikasjon, kommunikasjon med kundar, leverandørar osv. Enivest er meir enn raskt, sikkert og framtidsretta internett, datakommunikasjon og telefoniløysingar. På datalagring har Enivest investert i Bluefjords, der vi kan tilby framtidsretta løysingar for di verksemd. Kontakt oss her om du er interessert i ein gjennomgang av kva løysingar vi kan tilby deg og di verksemd.

Fortel oss litt om status i di verksemd

Enivest har solid varig vekst på alle marknader. På bedriftsmarknaden som og omfattar det offentlege og operatørar, har Enivest per i dag omlag 1700 bedriftskundar fordelt på ulike teknologiar. Utviklinga ser ut til å fortsette med ei jamn stigning. I bedriftsmarknaden har vi anslagsvis 40-45% marknadsdel i Sogn og Fjordane. Våre bedriftskundar har svært ulike behov når det gjeld løysingar med tanke på krav til redundans, sikkerheit og oppetid. I dette segmentet har vi sett ei kraftig endring til bruk av fiberteknologi. Fiber- og radioteknologi står i dag for hovudtyngda av kundar, medan bruk av xDSL teknologi framleis er ein viktig produktteknologi i bedriftsmarknaden. Enivest har eit godt utbygd og finmaska nett i Sogn og Fjordane ilag med våre samarbeidspartnarar, noko som set oss i posisjon til å løyse det aller meste av førespurnader frå bedriftsmarknaden. Dette gjeld både lokasjonar i og utanfor Sogn og Fjordane. For oss er det vesentleg å ha eit tilbod som dekker alle typar kundar sine behov, anten det er snakk om ein nasjonal kunde med avdelingskontor i heile Sogn og Fjordane, eller ei lita bedrift med berre eit kontor.

På privatmarknaden har Enivest per i dag om lag 15500 privatkundar fordelt på ulike teknologiar, og kundemassen aukar framleis. I tillegg til internett tilbyr vi også Get TV og IP telefoni. I privatmarknaden har vi anslagsvis totalt sett 45-50 % marknadsdel i fylket vårt.

Høg aktivitet

Enivest har høg aktivitet og sterk vekst med 2300 nye fiberkundar i 2018. Vi har ca. 15500 privatkundar, derav 11000 på fiber. På bedriftsmarknaden har vi i dag totalt 1700 linjer, og vi har planer om store investeringa i linjenettet framover.

Fortel oss litt om marknaden de er ein del av

Kundane set stadig høgare krav til kapasitet og stabilitet, dette gjeld både privat og på bedriftsmarknaden. Internett har blitt til eit grunnbehov. Kundeservice kan fortelje om kundar som ringer inn, og i løpet av feilsøkinga får konsulenten opplyst at kunden ikkje har straum. Det bekreftar for oss at internett har blitt til eit grunnbehov i dagens samfunn. Bransjen er prega av sterk konkurranse og rask teknologisk utvikling. Vi som lokal bedrift konkurrerer på dei same vilkår som nasjonale aktørar. Vi tek samfunnsansvar ved å bygge ut fiber også i områder som ikkje er økonomisk lønnsame. Enivest ønsker å motvirke eit digitalt klasseskilje mellom tett utbygde strøk og distriktet. I tillegg er vi opptatt av å gi noko tilbake til fylket vårt, ved å sponse ei rekke lag og arrangement.

Opplever de aukande etterspørsel innanfor enkelte områder?

Vi opplever aukande etterspørsel etter fiber. Det gjeld også for «eldre felt», der vi må til med ettermontering. Bedriftskundar blir meir og meir opptekne av fiber og høgare kapasitet. I motsetning, er det fallande etterspurnad innanfor andre områder som for eksempel IP-telefoni. Den teknologien har sett toppen med tanke på kundeopptak. Større etterspurnad etter høghastigheitsbreiband via fiber, sørger for at kundar i mindre grad etterspør xDSL, dvs. internett via koparnettet.

Kva kompetanse er strategisk viktig for di verksemd?

Når det gjeld kompetanse har vi spesielt behov innan tekniske utdanninga: IT, ingeniør, Telekom og programmering, men også innanfor sal, service, økonomi og forretningsutvikling. For oss er det strategisk viktig at vi klarer å tiltrekke oss den rette kompetansen. Vi har og valt å støtte Høgskulen på Vestlandet med rekruttering til den nye IT-utdanninga i Førde. Her stiller vi i år med 7 relevante sommarjobbar og kjem til å legge ut relevante sidejobbar, som skal gi studentar moglegheit til å samle relevant arbeidserfaring medan dei studerer.

Kva utfordringar ser du som dei største for di verksemd?

Ei stor utfordring er den spreidde busettinga i Sogn og Fjordane. Det er ofte lange distanser mellom kundar, noko som gjer fiberutbygginga spesielt kostbar. Dette har vi vore beviste på frå starten, og funne mange gode løysningar i samarbeid med kommunar og grendelag. Dette gjer at vi og får levert til bedrifts- og privatkundar som held til ganske avsides. Den største utfordringa er å få tilgang på nok utbyggingsressursar hos underleverandørar. I 2017 har dette ført til at vi ikkje klarte å levere alle kundar vi hadde planlagt å levere. Dette er ei utfordring som mange i bransjen har, det finst rett og slett ikkje nok utbyggingsressursar på marknaden. I tillegg opplever vi ein stadig aukande nasjonal konkurranse.

Kva moglegheiter ser du?

Utanom å fortsette med utbygging av fiber og radio-løysningar ser vi moglegheiter i samarbeid med bedrifter som utfordrar oss på å finne den rette løysninga. Enivest har dei siste åra investert betydeleg i forretningsutvikling. For tida har vi to godkjente SkatteFUNN prosjekt, eit av dei saman med ein annan leverandør. Har nokon av medlemmane til Maritim Forening Sogn og Fjordane ei utfordring vi kan bidra til å løyse? Det hadde vore kjekt med endå meir innovasjon «Made in Sogn og Fjordane». Vi brenn for å finne gode løysningar for, og saman med våre kundar og leverandørar.

Korleis kan Maritim Forening birda inn i framtidsbildet?

Maritim Forening Sogn og Fjordane er ein fantastisk god ambassadør for næringslivet i Sogn og Fjordane, som deler dei gode historier nasjonalt og sørger for at det ikkje blir godt bevarte lokale hemmelegheiter. Vi håpar at Maritim Forening fortset med å vere ein god møteplass for næringa og pådrivar for utvikling av medlemsverksemder. Det hadde vore kjekt om vi kunne få til eit FoU samarbeid, gjerne på tvers av ulike bedrifter som ønsker å samarbeide for å skape innovasjon.

Publisert: 02.03.2018 11:48