Nyheter

Knallresultat for Fjord1 i 2017

Fjord 1 som nyleg offentleggjorde årsresultatet sitt for 2017 har god grunn til å vere fornøgd, med eit overskot på 714 millionar kronar.

Fjord1 har hatt ei rivande utvikling dei siste åra. Innanfor ferjedrift har dei no ein 47 % marknadsandel og driftar heile 7 av dei 10 største sambanda i Norge. Dette har medført gode økonomiske resultat for verksemda og i det nyleg offentleggjorde årsresultatet kan Fjord 1 vise til eit rekordoverskot på heile 714 millionar kronar, nøyaktig 200 millionar over fjorårets. Styret i Fjord 1 har vedtatt at det skal betalast utbyte til eigarane på 270 millionar.

Gode resultat er grunna dyktige medarbeidarar

Administrerande direktør Dagfinn Neteland seier til avisa Firda at han er strålande fornøgd med resultatet og gir dei tilsette i selskapet all honnør. Det gode resultatet kjem av godt lagarbeid frå dyktige og engasjerte medarbeidarar. Han fortel vidare at dei har fått tak i mange nye unge medarbeidarar. Det gjer til at Fjord 1 i dag har ei blanding av ungt pågangsmot og folk med lang erfaring. Dette førar til utvikling!

Les meir om saka her

Publisert: 02.03.2018 09:35