Nyheter

Denne veka tar vi pulsen på: Skipskompetanse

Denne veka tar vi pulsen på ingeniørselskapet Skipskompetanse. Skipskompetanse har base i Måløy, men har store delar av verden som sitt arbeidsområde. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar Per Jørgen Silden.

Fortell oss litt om status i di verksemd

Skipskompetanse er eit ingeniørselskap med hovedfokus på skipsdesign. Vi har spesialisert oss på design av brønnbåtar og fiskefartøy, men har også ein del andre oppdrag. Vi har opplevd god vekst sidan oppstarten i 2007 og er i dag 18 tilsette som held til i Måløy sentrum, men har store deler av verden som vårt arbeidsområde.

Fortel oss litt om marknaden Skipskompetanse er ein del av

Vi har hatt vårt hovudfokus innan fartøy design for oppdrett og fiskeri, kor begge marknadar har hatt ei sterk utvikling dei siste åra i motkonjunktur til offshore. Innan oppdrett har fartøya blitt meir og meir spesialisert for behandling av fisk i tillegg til transport. Innan fiskeri trur vi det blir meir fokus på kombinasjonsfartøy, og gjerne i kombinasjonar som ikkje har vore vanleg tidlegare. Vi opplever auka etterspurnad av design for fiskefartøy også internasjonalt, og har under bygging tre fartøy i Russland for ein russisk reiar. Det har og vore aukande etterspurnad i marknaden etter mindre ombyggingar.

Kva kompetanse er strategisk viktig for di verksemd

Vi har tilsett fire personar i år med forskjellig bakgrunn og erfaring. Hos oss er det viktig med ei blanding av teoretisk og praktisk erfaring, og kan ein og same person ha begge deler er dette absolutt ein fordel. Vi er eit fleirtal av ingeniørar, og er tilsette med lang erfaring frå verft, rederi, frå maskin og bro og frå fiskeri og seismikk. Det er viktig at vi har ei generell forståing for kva våre kundar held på med, og evna til å sette oss inn i og foreslå løysingar som bidreg til auka utvikling og verdiskaping for våre kundar. Vi ser på moglegheiten for å kunne tilby tenester innan komplimentære fagområde som vil auke og styrke vår leveranse inn i prosjekt kor vi er involvert. Dette ser vi som spesielt viktig i dei internasjonale prosjekta våre då vi i større grad også kan dra med andre norske leverandørar. Med utgangspunkt i dette kan det vere at vi kjem til å gjerne nye tilsettingar i Skipskompetanse.

Kva tenker du om framtida?

Vi må heile tida vere i utvikling og vere fremst innan våre felt for å halde oss aktuelle. Våre konkurrentar er mange og dyktige, og det er difor viktig å heile tida vere synlege og blant førstevala for potensielle kundar. Vår bransje er internasjonal og har mange marknader som bevegar seg i utakt. Dermed opplever nokre vekst og andre nedgang. For oss er det difor viktig å ha aktivitet i fleire segment samtidig. Felles marknadsarbeid som vi har gjort i Måløy Maritime Group har vist seg og vere effektivt, og det styrkar også den lokale klynga.

Korleis kan Maritim Foreining Sogn og Fjordane bistå inn i framtidsbiletet?

Maritim Forening har vore flinke til å fokusere på aktuelle utfordringar og problemstillingar, og slik dratt med medlemsverksemdene på å tenke framover. Eg tenker det er slik de også skal fortsette å arbeide i framtida.

Publisert: 06.04.2018 08:41