Nyheter

Workshops på nettverkssamling 18 april

I tillegg til spennande innlegg kan vi by på seks workshops som kan føre til forretningsmoglegheiter, nye kontaktar og ny kunnskap.

På dag 1 av nettverkssamlinga er det mogeleg å delta på worskhop i Ciderhuset. Dette er eit uformelt opplegg som vi kombinerer med cidersmaking.

Du kan rullere mellom følgande stasjonar:

1. Leverandørmoglegheiter ved Nova feltet (tidl. Skarfjell)

Her møter du operatør Wintershall, samt deira samarbeidspartnarar Subsea 7 og Aker Solutions som til saman har vunne kontraktar for 1,8 milliardar. Her kan du knytte verdifulle kontaktar og presentere verksemda di for ein potensiell kunde.

2. Cross-over mellom næringar

Norsk industri er verdsleiande innanfor ei rekke av havromsnæringane Fleksibilitet er vår styrke, som gjer at vi kan bruke kompetansen og teknologien mellom ulike næringar. GCE Subsea, som styrer denne workshopen, har hatt stor suksess i deira arbeid med cross-over tematikk hos petroleumsverksemder.

3. Digitalisering og visualisering

Alle tenker på det, planleggar eller går gjennom digitaliseringsprosessar i disse dagar. Alle manglar ressursar og dei færraste har erfaring. Men det er eit steg du må ta om verksemda di skal vere levedyktig i morgon. Så kva går digitalisering ut på? Her kan du diskutere med ein av Norges dyktigaste rådgjevarar på digitalisering, Arne Øverland i Haptiq.

4. Internasjonalisering / utviklingsprosjekt

Innovasjon Norge er ein god sparringpartnar dersom du har tankar om å starte eit utviklingsprosjekt i di verksemd. Dei har og kontor i meir enn 30 land, så dersom du lurer på noko om internasjonalisering/eksport er det verdt eit stopp her.

5. Hydrogen

Det er no det skjer på hydrogenfronten! Vi i MFSF jobbar saman med ulike aktørar for å etablere ei hydrogenklynge. Er du interessert i å vite meir om hydrogensatsinga, eller kanskje lurer på om det er noko å hente for di verksemd, oppsøk hydrogenbordet!

6. Utdanning møter næringsliv

Kontakt mellom studiemiljø og næringsliv er VINN-VINN. På denne stasjonen kan du diskutere med dei ulike utdanningsinstitusjonane kva du kan få ut av å knytte betre kontakt med studentar. Studentoppgåver, praksisplass, sommarjobb etc.

7. Fritt fram

For dei av dykk som berre vil mingle og drikke cider er det sjølvsagt også heilt i orden😊

Er du ikkje påmeldt kan du gjere det her

Publisert: 09.04.2018 13:31