Nyheter

Vestnes Ocean inngår rammeavtale med Flora kommune

Vestnes Ocean har inngått rammeavtale med Flora kommune når det gjeld levering av møblar til kontor, helse, skule og barnehage. Avtalen er på 2 år med opsjon på 1 + 1 år.

Sal og marknadssjef i Vestnes Ocean, Kai Rønvåg, seier det er gledeleg at kommunen satsar på lokale leverandørar, og tek det som ei fjær i hatten at dei når opp i nasjonal og internasjonal samanheng.

Anbodet var av ein slik størrelse at kommunen er forplikta ihht lova å gå ut med ei EU utlysing. I følge innkjøpsrådgjevar Jetmund Rygg i Flora kommune var det 3 som leverte tilbod i henhold til anbodet. Dei to andre lokalisert med hovudkontor henholdsvis i Trondheim og på Østlandet. Kommunen syns det er kjekt at det er lokale leverandørar som kan vere med å kjempe om kommunale anbod.

Maritim Forening Sogn og Fjordane gratulerer Vestnes Ocean med avtalen!

Publisert: 10.04.2018 09:59