Nyheter

Grønne prosjekter gir nye jobbar

Ein ny rapport presenterer seks ulike prosjekt frå vestlandsregionen som kan føre til auka verdiskaping – blant dei er hydrogenbåten som Brødrene Aa skal bygge.

Det ligger eit betydeleg verdiskapingspotensial for vestlandet om man lukkast med å sjøsette pågåande og planlagde grønne prosjektert i regionen. Dette viser ein rapport gitt ut av Norsk Klimastiftelse, BKK og SKL - «Grønn agenda for Vestlandet: Slik kan vi skape verdier og kutte utslipp».

Det er eit aukande fokus på at vi må ta vare på klima samtidig som vi skapar nye arbeidsplassar. Rapporten skriv at olje og gass på sikt vil fasast ut, men at Vestlandet ikkje vil klare å finne ein «ny superprofittindustri». Morgondagens arbeidsplassar og skatteinntekter vil komme frå ein rekke ulike bransjar og sektorar.

Hydrogenbåten til Brødrene Aa i fokus

Eit av prosjekta som er i fokus i rapporten er hydrogenbåten som skal byggast hos Brødrene Aa i Hyen. I rapporten er prosjektleiar Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane intervjua. Han fortel at hurtigbåten Brødrene Aa skal bygge er ein gavepakke til fylket. I S&F står hurtigbåtar for meir enn halvparten av CO2 utslepp frå kollektivtransport, dette kan det snart vere slutt på. Båten er ferdig designa, men det gjenstår å få teknologien tilpassa og godkjent til maritim bruk, då det per no ikkje fins noko internasjonalt regelverk for fartøy med hydrogenframdrift.

Hydrogenprosjektet er 1 av 4 prosjekt i rapporten som har gjennomgått ei ringverknadsanalyse. Dei har konkludert med fleire katalytiske effektar knytt til dette prosjektet. For det første kan ein hydrogendreven hurtigbåt vere første steg på vegen mot å utvikle andre fartøy. I Norge har vi mange hurtigbåtar, passasjerferjer og bilferjer, noko som gjer Norge ein stor potensiell marknad. Men analsa viser også at potensialet er stort utanfor landegrensene. Dei fleste av landa norske verft eksporterer til er forplikta til å kutte Co2, derfor er eksportmoglegheitane store for utsleppsfrie fartøy.

For å lese heile rapporten trykk her

Publisert: 07.05.2018 13:07