Nyheter

Sri Lanka – Clean Energy Seminar

Norge og Sri Lanka samarbeider om å redusere CO2-utslipp som en del av NORPART-programmet. Målsettinga er å utvikle og ta i bruk nullutsleppsteknologi.

Programmet fokusere på at vegen til suksess er å kople saman næringsliv, FoU og høgare utdanning. Maritim Forening Sogn og Fjordane er invitert med på dette første clean energy-seminaret i Colombo og Jaffna på Sri Lanka.

Som representant for næringslivsaktørar på Vestlandet kan vi bidra til å kople regionale firma og relevant kompetanse inn mot fornybarsatsinga på Sri Lanka. Vi fremjar aktørar som leverer produkt inn mot offshore vind, bølgjekraft, tidevasskraft og maritim hydrogenteknologi.

Dei leiande norske solenergimiljøa er også med på seminaret. Eitt av siktemåla til Maritim Foreining er å kople vår hydrogenkompetanse opp mot desse aktørane. Energi frå sol og vind må lagrast for å kunne nyttast i ettertid. Batteri og hydrogen er dei mest relevante måtane å lagre energien på.

Derfor er eitt av dei fire uttalte satsingsfelta på seminaret: To establish an arena to present the Norwegian and Sri Lankan private sector working on clean energy technologies such as solar, wind and hydrogen.

Det skjer det mykje på fornybar energi-fronten, både globalt og regionalt, og vi meiner det ligg store mogelegheiter til forretningsutvikling ved å kople saman dei fremste miljøa. Fleire næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane er allereie involverte i internasjonale prosjekt.

Foto: Trond Strømgren held innlegg om hydrogenteknolog og marin fornybar energi.

Publisert: 11.05.2018 11:25