Nyheter

Stem fram Brødrene Aa til Sivaprisen

Brødrene Aa er ein av fem nominerte til Sivaprisen kor dei kan vinne 300 000 kr

Formålet med Sivaprisen er å løfte fram eit miljø som over tid har vore grønnare, smartare, meir nyskapande og som har skapt ein kultur for samhandling og kunnskapsdeling mellom bransjar, på tvers av geografi og tankesett.

Siva oppgir fleire grunnar til kvifor Brødrene Aa er nominert til prisen. Båtbyggjarane er nok aller mest kjent for å vere det første verftet som satsa på bruk av karbonfiber som byggemateriale i hurtiggåande fartøy. Dette er lette materialer som gir lågare forbruk og mindre miljøutslepp. Vidare har verftet i løpet av dei siste åra utvikla seg innan grønnare løysingar, med både hybridløysing og rein batteridrift på sine båtar. Dei arbeider også med å utvikle fartøy som skal driftast med hydrogen.

I tillegg til Brødrene Aa, er fire andre miljø valgt ut: ÅKP, GCE Subsea, Trygg Nøstad Kjetting AS og Fjord Service. I første trinn skal disse fem reduserast til tre gjennom ei open avstemming på web og utveljing av ein fagjury. Den endelege vinnaren vil bli kåra av deltakarane på Sivakonkurransen 5 juni gjennom ein live avstemming i salen.

Avstemming avsluttast 25 mai 2018. Du kan gå inn å stemme på Brødrene Aa ved å følge denne lenka.

Publisert: 14.05.2018 10:24