Nyheter

Lansering av BIG HIT-prosjektet på Orknøyane

Som ein del av BIG HIT-prosjektet på Orknøyane blir vind- og tidevassenergi lagra som hydrogen. Denne systemløysinga gjer det mogeleg å ta vare på overskot av fornybar energi som elles ikkje kunne vore nytta på grunn av manglande overføringskapasitet til det skotske fastlandet.

Leiande på marin fornybar energi

EMEC på Orknøyane er Europas leiande testsenter for fornybar marin energi. Som ein del av EMEC sin aktivitet er to tidevassturbinar ved Eday kopla til nettet via 11 kV sjøkablar. Turbinane leverer grøn energi frå dei kraftige tidvasstraumane i Fall of Warness. På det meste kjem desse straumane opp i 8 knop.

Hydrogen til energilagring

Ein 900 kW vindturbin er også kopla til same nettet. Via ein 500 kW elektrolysør blir ein andel av energien frå tidevassturbinane og vindturbinen lagra som hydrogen i trykktankar og så transportert til Kirkwall til bruk som drivstoff i varebilar og som energiforsyning i hamneområdet. Systemet nyttar berre fornybar energi og er å betrakte som ei nullutsleppsløysing. Same metode blir også nytta for ein tilsvarande vindturbin og ein 1 MW elektrolysør på Shapinsay

Internasjonale mogelegheiter

Maritim Forening Sogn og Fjordane arbeider tett med både regional næringsliv og internasjonale aktørar kopla opp mot hydrogen. BIG HIT-prosjektet på Orknøyane representerer starten på ei global satsing der isolerte lokalsamfunn kan bli sjølvforsynte med fornybar energi. Dette potensialet har næringslivet i Sogn og Fjordane og på Vestlandet høve til å ta dei i. Maritim Forening Sogn og Fjordane har eit stort og verdsomspennande nettverk og vi ønskjer å vere døropnar for våre medlemsverksemder ut verda.

Maritim Forening representert

Tysdag 15. mai deltok om lag 100 delegatar frå EU og mange land på den offisielle opninga av BIG HIT. Trond Strømgren var einaste deltakar frå Noreg og representerte Maritim Forening Sogn og Fjordane og vår samarbeidspartnar GCE Subsea. I løpet av dei siste åra har vi etablerte god kontakt og mange band mellom fornybar energimiljøa på Vestlandet og på Orknøyane. Koplinga vil bli ytterlegare styrka under den Internasjonale hydrogen og marin fornybar energikonferansen vi arrangerer i Florø 3.-4. oktober 2018.

Biletetekst: Hydrogen frå Eday blir transportert med ferga til Kirkwall. Transporten går føre seg i vanleg rute med passasjerar og andre bilar om bord.

Publisert: 15.05.2018 14:12