Nyheter

Vi søker leverandørutviklar/prosjektleiar i Måløy

Maritim Forening Sogn og Fjordane utvidar teamet og søkjer etter Leverandørutviklar/Prosjektleiar i Måløy

Til å utvikle og bistå medlemsverksemdene våre søkjer vi ein dyktig person til ei spennande og utfordrande stilling som Leverandørutviklar/Prosjektleiar med kontorstad i Måløy. Stillinga vert oppretta i samarbeid med strategisk samarbeidspart i Måløy området. Det er eit stort potensiale for innovasjon, etablering av nye arbeidsplassar og økonomisk vekst i havnæringane, og dette ønskjer Maritim Forening Sogn og Fjordane å bidra til.

Arbeidsoppgåver - Omsetje kunnskap til nytte

Du vil ha ei innovasjonsfagleg stilling, der sentrale arbeidsoppgåver vil vere å:
- Gå i aktiv dialog med næringsaktørar for å identifisere og realisere idear til moglege produkt og tenester
- Medverke til å auke nyskapingsaktivitet med utgangspunkt i havrommet, klynger og definerte satsingar
- Realisere næringsmessig innovasjon saman med utvalde samarbeidspartnerar
- Vidareutvikle innovasjonskultur og innovasjonsfagleg arbeidsmetodikk hos næringsaktørar
- Auka synleggjering av næringsaktørane og samarbeidspartnerane sin innovasjonsaktivitet
- Delta på relevante strategiske arenaer

Du vil være en døropnar for nye samarbeidsmoglegheiter og vil få høve til å arbeide saman med leiande kompetansemiljø og i team med andre nyskaparar. Du får moglegheit til å utvikle unik kompetanse og vil vere ein viktig bidragsytar til å realisere MFSF sin strategi og samfunnsoppdrag.

Krav for stillinga

Du må ha:
- Dokumentert erfaring med utvikling- og/eller innovasjonsarbeid
- Fullført utdanning på minimum masternivå innan relevant område, eller tilsvarande dokumentert realkompetanse
- Fagkompetanse innan relevante område
- God kjennskap til norsk næringsliv og verkemiddelapparatet for forsking og innovasjon
- God skriftleg og muntleg framstilling på norsk og engelsk

Vi søkjer deg som har følgjande eigenskapar:

-Har evne til å skape resultat og drive fram ny aktivitet
-Forstår betydningen av næringsmessig innovasjon og har god forretnings- og marknadsforståing
-Har gode strategiske eigenskapar og evner å strukturere komplekse problemstillingar
-Har gode kommunikasjonseigenskaper, og evner å samhandle godt med personar med ulik fagbakgrunn og tilknyting
-Er kontaktskapande og medverkar til å styrke innovasjonskultur
-Evnar både å arbeide sjølvstendig og i team
-Har evne til å skape tillit og å bygge relasjonar

Personlege eigeskapar vert tillagt stor vekt i utveljing.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Stein Kvalsund telefon 976 98 785 eller e-mail: stein@maritimsfj.no

Publisert: 16.05.2018 08:16