Støtteordningar

ØKONOMISKE STØTTEORDNINGAR

Det eksisterer eit omfattande verkemedelapparat som kan gje stønad til bedrifter i Sogn og Fjordane, både til kompetansebygging og andre føremål. Midlar blir tildelte på lokalt, regionalt, nasjonalt og EU-nivå. Stønad omfattar alt frå enkeltståande gründerar til store og etablerte bedrifter.

Kvar kommune har vanlegvis næringsfond eller andre type midlar til gründarar eller bedriftsetableringar. Ta direkte kontakt med din kommune for meir informasjon om lokal stønad.

Andre ordningar er lista opp under, med link til meir informasjon. Lista er ikkje utfyllande, men blir oppdatert når nye gode ordningar kjem til.

Støtteordningar til kurs og etter- og vidareutdanning

Folkeuniversitetet Vestlandet kan samarbeide om å søkje støtte til VOX- og BKA-kurs med utgangspunkt i bedriftene sine behov. Kontakt Reidar Brandsberg, telefon 476 56 906, mail reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no

LOs utdanningsfond støttar opplæringstiltak og kompetanseutvikling for medlemmar i LO sine forbund. Fondet gir støtte både til heilårsutdanning eller til kortare utdanning og kurs. Meir informasjon.

NAV har støtteordningar for å kvalifisere enkeltpersonar til ulike typar arbeid. Det kan vere stønad til kurs, reise og ev. til arbeidsgivar. Meir informasjon.

Støtteordningar til utvikling og innovasjon

Innovasjon Noreg har ulike støtteordningar og finansieringsløysingar. Organisasjonen har kontor både på Leikanger og i Førde. Meir informasjon.

NCE Subsea har støtteordningar, i hovudsak for bedrifter innan subsea-, energi- og marine næringar. Meir informasjon.

EU-programmet Horizon 2020 har 77 milliardar euro til bruk på forsking og utvikling i perioden 2014 til 2020. Kontakt Dag Lothe på tel. 913 80567 eller mail dl@forskningsradet.no. Meir informasjon.

Samleside for eksterne støtteordningar. Sida er utarbeidd av NCE Subsea og inneheld mange aktørar. Meir informasjon.

Støtteordningar til gründarar og bedriftsetablering

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane kan gi tilskot til gründerarar som er i startgropa eller til bedrifter som ynskjer å utvikle seg. Meir informasjon.