Verdiskapingsanalyse

Med vilje til vekst

For Maritim Forening Sogn og Fjordane er det viktig å ha innsikt i verdikjeda som er knytt til petroleums-næringa. På denne måten kan vi biståbåde eksisterande og potensielle leverandørar med å realisere marknads-moglegheiter.
Når vi no presenterer Verdiskapingsanalysen for fjerde gong så registrerer vi ein reduksjon i både omsetnad og talet på tilsette i verksemdene. Men vilje og motivasjon til fortsatt satsing er absolutt til stades hos nærings-aktørane. Difor er det svært viktig med profileringav desse aktørane. Vi bidreg til synleggjering av aktørane, mellom anna gjennom leverandørkatalogen som er tilgjengeleg på heimesida vår. Her finn du ein oversikt over petroleums-leverandørane i fylket og kva varer og tenester dei kan tilby.

Maritim Forening Sogn og Fjordane arbeider kontinuerleg med å skape samhandlingsrom der det kan vere ei forretningsmoglegheit mellom våre leverandørar og ein mogleg kunde.

Vi vil takke verksemdene som har teke seg tid til å svare på undersøkinga og PwC for bistand kring vidareutvikling av verdiskapingsanalysen. Takk og til INU-fondet og Statoil som støttar vårt arbeid med å utvikle petroleumsnæringa gjennom programmet «Supply Chain Network Sogn og Fjordane».

Helsing

Stein Kvalsund
Dagleg leiar
Maritim Forening Sogn og Fjordane

VERDISKAPINGSANALYSER

Last ned
Verdiskapingsanalysen 2015
Last ned
Verdiskapingsanalysen 2016
Last ned
Verdiskapingsanalysen 2017