Ancala kjøpar majoriteten av Fjord Base 

Oddgeir Igland og Per Nødseth med familiar sel seg ned i Fjord Base Holding AS når Ancala Partners kjøper majoriteten av aksjane.  

Eigarane har samtidig med salet komen til eit vegskilje der familien Igland har valt å styrke satsinga si på oppdrett ved å overta heile Havlandet Havbruk si verksemd knytta til landbasert oppdrett og videre avl av torsk og andre arter. Familien Nødseth har på sin side valt å reinvestere saman med Ancala i baseverksemda. 

 

Artikkelen fortsetter under biletet.

 

Fjord Base i fugleperspektiv. Foto: Fjord Base.

 

Nye arbeidsplassar i Florø 

Oddgeir (WIS) og Per (Semi) har bygga opp basen på Botnaneset frå starten på 1980-tallet til det den i dag er: Norge si største forsyningsbase for olje-/gassverksemd på norsk sokkel, samt ein viktig arena for omstilling frå olje til fornybare ressursar i tråd med behov for omstilling som er i dag. Fjord Base handterer omtrent 2000 anløp/skip kvart år og 400 kilotonn over kai per år. Det gode samarbeidet held fram sjølv om ein har valt å ulike vegar for framtida. Det er inngått langsiktige avtaler om leveranse av tenester mellom de ulike selskapa, der samarbeid om økonomi, IT og stabsfunksjonar held fram som i dag.  

 

 

«Semi ser fram til å bidra videre til vekst og utvikling på Fjord Base i samarbeid med Ancala. Ancala er en solid og kompetent aktør som i tillegg vil tilføre finansiell styrke til framtidige satsingar på basen. Semi gleder seg over å kunne realisere deler av de verdiane som er skapt på Fjord Base gjennom et langt og fruktbart samarbeid gjennom snart 40 år. Deler av verdiane vil bli øyremerka til å skape ny aktivitet og nye arbeidsplassar i Florø. Vi gleder oss også til å følge og heie på den videre utviklinga i Havlandet», seier Per Nødseth.  

 

Familien Igland vel no å styrke satsinga si på oppdrett: 

«Florø-samfunnet og omegn skal komme godt ut av denne realiseringa. Ancala er en langsiktig og kapitalsterk ny majoritetseigar av forsyningsbasen, noko som må til for å møte krav for framtida til omstilling og berekraft. Vi skal gjennom WIS og Havlandet Gruppen fortsette våre investeringar gjennom landbasert oppdrett for å sikre auka aktivitet og fleire arbeidsplassar til Florø og regionen rundt. Framtida er spennande, og vi ser fram til å møte den!», seier Oddgeir Igland. 

Per Nødseth.

 

 

Store moglegheiter for Fjord Base 

Direktøren i Ancala meiner flytande havvind, hydrogen og ammoniakk blir viktige satsingsområde for basen i tida framover: 

 

"Vi er glade for å gjere denne investeringa etter å ha jobba tett med leverandørane og leiargruppa dei siste åra. Fjord Base kan vise til gode resultat med å levere trinnvise, kundeleiiande vekstprosjekt med store multinasjonale oppdragsgjevarar. Vi ser fram til å samarbeide med Fjord Base sin administrerende direktør Ole Schanke Eikum og vår medaksjonær Semi AS for å få selskapet til å vekse ytterlegare og spille ein nøkkelrolle i energiomstilling i regionen. Vi ser store moglegheiter for selskapet, med en spennande framtid der vi kan levere infrastrukturtenester til flytande havvindprosjekt og satse på produksjon av hydrogen, ammoniakk og aktivitetar tilknytta akvakultur. Vi har stor respekt for det WIS Group og Semi AS har bygd opp på Fjord Base gjennom åra og det høge nivået til leiargruppa og personalbasen på staden. Vi takkar aksjonærane for at de har trua på oss som en stor framtidig forvaltar av basen og medlem av lokale Florø-samfunnet», seier Tim Power, direktør i Ancala. 

 
 

Omstrukturering  

I følgje pressemeldinga inneberer også prosessen med sal at INC GRUPPEN ikkje lenger vil bestå som samla eining for selskapsstrukturane sidan det felles eigarskapet har opphøyrt. Endringar vil bli annonsert i god tid før de blir iverksett. 

Transaksjonane ble effektive den 17. mars 2023 og frå det tidspunkt er dei nye eigarstrukturane i Fjord Base Holding AS og i Havlandet Havbruk AS tredd i kraft. Leiinga av disse selskapa vil vere tilnærma dei same framover for å sikre kontinuitet og minst mogleg endringar. 

Fjord Base Holding Group består no av:  

  • Fjord Base AS:  

  • Saga Fjordbase AS:  

  • INC Support AS:  

  • Norsk Contracting Partner AS 

  • HyFuel AS (33,3% eigarskap) 

  • Fjord Base Holding 


Hei! har du spørsmål eller kommentarar?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

 
Maria Hunvik