Nytt, norsk industrieventyr i Florø

 

Under årets Nettverkssamling annonserte selskapet Helinor Energy at dei skal etablere seg i Florø.

I Helinor Energy sine nye lokaler i Florø skal det produserast brenselceller og batteri. Dette er ei brenselcelle med ventilasjon og varmeutvekslar, som kan nyttast på nybygg og som retro-fit på eldre skip. Illustrasjon: Helinor Energy.

Helinor Energy skal bidra til utsleppskutt frå skipsfarten ved å produsere brenselceller for hydrogen i Florø. Dei har utvikla ei løysing der ein monterer containarar som innheld brenselceller om bord på skip. I ei brenselcelle bruker ein hydrogen til å lage straum slik at skipet kan komme seg frå A til B utan utslepp at CO2.

Selskapet har sondert på fleire lokasjonar, og landa til slutt på at Florø er staden dei ønsker å etablere seg. Imøtekomminga frå Florø Hamn KF og kommunen gjorde beslutninga enklare:

Vi såg på fleire forskjellige lokasjonar, men når vi først kom i kontakt med Florø Hamn KF og Ola Teigen, ordførar i Kinn kommune gjekk det fort frå dialog til signert avtale. Den framoverlente og imøtekommande haldninga var sentral i dette, seier Stian Antonsen, CEO i Helinor Energy.  

 

Lokal forankring

Allereie om to veker, nærmare bestemt 1. mai, skal Helinor Energy flytte inn i Botnastranda 76. For selskapet er lokal forankring viktig og derfor har både Stian Antonsen og Elling Helvig beslutta å flytte frå Austlandet til Florø. Ei slik etablering krev også arbeidskraft, og i løpet av dei første 12 månadane ser dei for seg å rekruttere rundt 30 tilsette. Her vil det vere behov for mekanisk, elektrisk og logistikk kompetanse, i tillegg til sal og administrasjon.

Frå venstre: Elling Helvig (Helinor Energy), Linda Midtbø (Florø Hamn KF) og Stian Antonsen (Helinor Energy). Foto: Maria Benæs Hunvik

Sjølv om vi treng kompetanse in-house vil vi også nytte oss av lokale leverandørar på basen og i Florø-regionen, seier Elling Helvig i Helinor Energy.

Selskapet har også to søsterselskap, Helinor Marine og Helinor Safety, som vil vere med i etableringa.

Florø Hamn er eigar av lokala som Helinor Energy skal nytte seg av:

Det er veldig kjekt at ein aktør som Helinor satsar på å etablere seg i Florø, og vi ser fram til eit veldig godt samarbeid. Henriette Hatling, marknads- og økonomiansvarleg i Florø Hamn, har gjort ein fantastisk innsats med å koordinere og lande avtalen med Helinor, seier hamnesjef Linda Midtbø i Florø Hamn.

 

Under presentasjonen på nettverkssamlinga kallar Stian Antonsen satsinga for eit nytt, norsk industrieventyr.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

 
Maria Hunvik