Prosjektleiing og økonomistyring frå A til Z

Arez vart etablert i 2021 og er eit konsulentselskap som samlar 63 års erfaring i maritim sektor. Vi har gleda av å ønske dei velkommen som medlem i Hub for Ocean.

Arez er eit konsulentselskap der heile 63 års erfaring frå oppfølging av store komplekse prosjekt i maritim sektor er samla. Selskapet vart etablert april 2021 og har kontor i Leirvik og Dale. Dei fire personane bak selskapet har brei kunnskap og erfaring, blant anna innan økonomileiing, prosjektleiing, gjeldshandtering og HMS for å nemne nokre.

 

Team Arez. Frå venstre: Rita Ørnehaug (kontroller), Erlend Hatleberg (prosjektleiar), Arlen Solheim (dagleg leiar). Foto: Arez.

 

Fleksible, kvalitetsbevisst og tryggheit

Visjonen deira er å vere fleksible, kvalitetsbevisst og skape tryggheit for kundane. Erlend Hatleberg er prosjektkonsulent i Arez, og i 2022 var han prosjektleiar for skipet Ronja Star hos Myklebust Verft, ein 5000 m3 brønnbåt til oppdrettsnæringa. Brønnbåtar er nokre av dei mest avanserte fartøya som blir produsert og krev ekstra mykje av ein prosjektleiar, men ein haustar også gode erfaringar ein kan ta med seg vidare:

Å være prosjektleiar er først og fremst ei utfordrande, spennande og kjekk oppgåve. Ein god prosjektleiar må følge kontrakta, spesifikasjonen og må ha ei god kremmarånd i seg. Det er viktig å legge gode planer som vert fulgt opp og dei må innehalde milepælar som ein kan måle seg mot for å holde den framdrifta som krevjast.

Ein anna viktig del som prosjektleiar er å ha god og tett dialog med kunden som i dette tilfellet er rederiet, og med alle i produksjon som er med på bygging av skipet, seier Erlend Hatleberg.

 

Ønsker å spele kvarandre gode

Arlen Solheim, dagleg leiar i Arez, ser positivt på framtida.

 

Kva håpar de å få ut av medlemsskapet?

Vi håpar å få kontakt og gode samarbeid med Hub for Ocean og deira medlemmar. Det er mykje kompetanse i dei ulike selskapa som kan nyttast for å dra synergiar av kvarandre, seier ho.


Kva tankar har de for framtida?

Vi ser positivt på framtida og syns det er spanande med satsingane og planane rundt oss. Vi er gira på å være med å påverke og bidra i det grøne skiftet med det vi kan hjelpe med, avsluttar Solheim med.

 
 

Nysgjerrig på medlemskap i Hub for Ocean?

Ta gjerne kontakt med oss for ein prat, eller les meir om oss her.  


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik