Vi søker deg som brenn for næringsutvikling og innovasjon

Vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle det regionale nettverket Hub for Ocean. Er du ein god relasjonsbyggar som evner å omsette ord til handling? Då kan du vere den vi er på jakt etter!

 

Hub for Ocean (HfO) er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane. HfO driv også programmet Ocean Hyway Cluster (OHC), som er Norges leiande industriklynge med fokus på maritim bruk av hydrogen. Samla har vi over 120 medlemmer i nettverket, og vi jobbar med prosjekt og aktivitetar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Stillingsannonsa fortsetter under bildet.

 
 

Arbeidsoppgåver:

  • Jobbe med næringsutvikling og innovasjonsaktivitetar – evner å omsette ord til handling

  • Bistå medlemmer i å realisere nye forretningsmoglegheiter

  • Vere eit talerøyr for medlemmane og fremme deira saker i ulike fora

  • Planlegge og gjennomføre ulike arrangement og møteplassar

 

Du har:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med bakgrunn frå innovasjon og regional utvikling

  • Erfaring frå relevant arbeidsområde eller næring

  • Kunnskap om metodikk som grunnlag for å skape utvikling

Du er:

  • Ein god nettverks- og relasjonsbyggar

  • Sjølvgåande og initiativrik

  • Ein god formidlar, både munnleg og skriftleg

  • Samfunnsengasjert

  • Fleksibel, med evne til å snu seg rundt i ei næring som stadig er i endring

 
 

Vi kan tilby:

Vi er lokalisert i nye og flotte lokale på Fugleskjærskaia i Florø, med havet som nærmaste nabo. Foto: Maria Benæs Hunvik.

Ein variert og spennande kvardag som du sjølv har stor friheit til å forme. Vi kan tilby ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi er ein dynamisk og hyggeleg gjeng i en organisasjon med stor takhøgde. Vi er lokalisert i nye og flotte lokale, i det BREEAM-sertifiserte hamnebygget på Fugleskjærskaia i Florø, med havet som næraste nabo!

 
 

 

Søknadsfrist: 30. mars. Send CV og kortfatta søknad til dagleg leiar Kristin Svardal, kristin@hubforocean.no, tlf: 90 51 27 28. Har du praktiske spørsmål vedrørande stillinga kan disse rettast til COO Stein Kvalsund, stein@hubforocean.no, tlf: 97 69 87 85. Vi gler oss til å høyre frå deg!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

 

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

Linkedin

Maria Hunvik