Frå Svanøy til store hamner for Havkraft

Havkrafts siger i konkurransen AspBAN gir store moglegheiter for vidare vekst.
– No skal vi først lage verdens beste bølgjekraftverk på Svanøy, så står forhåpentlegvis dei store hamnene for tur, seier gründer Geir Arne Solheim.
 

Med sigaren i AspBAN i boks, blir Havkraft no med i ei gruppe av innovasjonsselskap som skal gjere hamner ved Atlanterhavet grønare. No set Havkraft kursen mot Portugal. Der ventar ein workshop i lag med 30 atlanterhavshamner som vil bli meir miljøvennlege. 
 

Hamnene treng bølgekraft 

 
AspBAN: Atlantic Smart Ports Blue Acceleration Network
  • AspBAN er eit prosjekt for igangsetting av grøne løysingar ved Atlanterhavet.
  • • Hub for Ocean-medlemmane Havkraft og Dimeq vann som 2 av 40 selskap konkurransen «AspBAN Open Innovation Program». 70 selskap kjempa om moglegheita til å utvikle grøne pilotar.
  • • AspBAN er støtta av EU.

I 2022 har vi sett kva som skjer når energitilgongen er avgrensa. Geir Arne Solheim meiner hamnene treng bølgekraft meir enn nokon gong: 

– Hamnene burde satse på den energikjelda dei allereie har: bølgene. Energitilgong er avgjerande for at hamnene kan bli dei hubane for grønn omstilling som dei ønskjer å vere. Våre kraftverk er dei mest fleksible i verda og blir installerte nearshore som flytande og flyttbare installasjonar. Dette opnar store moglegheiter for dei atlantiske hamnene i åra som kjem, seier Solheim engasjert.  

- Verdens beste produkt på Svanøy 

Geir Arne Solheim ser på 2023 med både spenning og optimisme.
Foto: Havkraft

I 2023 skal Havkraft nytte mykje pengar på å bygge eit bølgekraftanlegg til Svanøy Havbruk. I oktober 2022 henta Havkraft inn 15 millionar frå nesten 1000 småinvestorar. I tillegg planlegg dei ein ny emisjon no i januar 2023.  

–  Bølgjekraftverket på Svanøy blir veldig viktig for oss for å få sertifisert alle delar av teknologien. No skal vi først lage verdens beste bølgjekraftverk på Svanøy, så står forhåpentlegvis dei store hamnene for tur, seier Solheim.  

På lokasjonen Sandkvia på Svanøy, blir selskapet det første som tek i bruk bølgjekraft for å levere elkraft til eit oppdrettsanlegg.  

Jaktar på fleire folk 

Med store planar for 2023 treng Havkraft no fleire folk. På ønskelista står 2 senioringeniørar, ein i konstruksjons-teknikk og ein i elektro eller automasjon.  

- Hos oss er det flat struktur og fullt fokus på å bygge kompetanse internt i selskapet. Søknadane har allereie begynt å komme inn, så her er det berre å kaste seg rundt visst du vil bygge opp Havkraft i lag med oss, avsluttar Solheim.  

Du kan lese meir om stillingane her

 

Hei!

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 


Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Tlf.: 977 53 065
E-post
Linkedin

Siri Odijk Solbakken