Novaform – Aldri halvvegs

På 5 år har Novaform gått frå 1 avdeling i Sandnes til 17 avdelingar spreidd rundt i Noreg. Selskapet, som tilbyr prosjektadministrasjon innan bygg og anlegg, etablerte avdeling i Førde og Florø i 2020. No har vi gleda av å ønskje Novaform velkommen som nytt medlem i Hub for Ocean!

 

Prestisjeprosjekt på rekke og rad

Novaform har landa store prestisjeprosjekt på den korte tida dei har vore etablert i Førde og Florø. Comfort Victoria Hotell har planar om å skape eit landemerke og turistmagnet i Florø. Resultatet av dette blei Victoriatårnet, 12 etasjar med skybar og restaurant på toppen, spa-avdeling og park på taket. Sidan starten av prosjektet har Novaform vore delaktig som koordinator for prosjektgruppa.

 

Akkurat no jobbar vi med reguleringsarbeidet, dette er krevjande og tar tid, men vi gjer stadige framskritt. Vi jobbar mot en godkjent reguleringsplan i 2023, når den er godkjent og sjølve byggeprosjektet kan konkretiserast meir er Novaform engasjert til å ha all prosjekt og byggeledelse på prosjektet, seier Jim-Tore Kristiansen, regionleder for Novaform NordVest.

Leia unikt prosjekt

Eit av Novaform sine prosjekt som har fått mykje eksponering er sykkeltunnelen i Førde. AGTunnel AS leigde inn Stig Aron Tverberg frå Novaform Førde som prosjektleiar. Sykkeltunnelen har eit unikt og dynamisk lysanlegg som også gjer at den vert ein attraksjon. I taket er det montert en spesiell effektbelysning, som gjer at ei bølge av lys flyter innover i tunnelen når første fotgjengar eller syklist går inn.

Dette er det første prosjektet AGTunnel AS har hatt med tunneldriving og som hovudentreprenør. Dette har gjort prosjektet krevjande, men også spennande. Det har blitt eit veldig flott og unikt gang- og sykkelanlegg, som eg er stolt over å ha hatt en rolle i, uttaler prosjektleiar Tverberg.

Kletten gang- og sykkeltunnel har eit dynamisk og unikt lysanlegg. I prosjektet var Stig Aron Tverberg frå Novaform prosjektleiar. Foto: Ole Kristian Åset.

Klar visjon

Novaform sin visjon er klar og tydeleg; Aldri halvvegs.

 
 

Novaform har stort fokus på kvalitet, og har vore med å forme vår visjon. Visjonen definerer den posisjonen som vi i Novaform ønsker å ta, og det vi som tilsette i Novaform skal strekke oss etter kvar dag. Novaform held seg oppdatert på gjeldande byggestandardar og implementerer desse fortløpande for å sikre at vi leverer topp kvalitet på vårt arbeid, fortsett Jim-Tore.

 
 

I byggebransjen er det også eit lovpålagt krav om at byggeprosjekt skal ha ekstern oppfølging på koordinator utførelse (KU) og sikkerheit, helse og ansvar (SHA). Den eksterne oppfølginga skal sørge for at helse, miljø og sikkerheit blir ivaretatt på ein god måte og at byggherren følger opp sine plikter under heile byggeprosessen. I gamle Sogn og Fjordane er Novaform er ein av dei få aktørane i som tar på seg reine KU/SHA oppdrag.

Vi ønsker Novaform Førde/Florø velkommen som medlem, og ser fram til å følgje dei i åra framover!

Nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean? 

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her


Hei! har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik