Bli med på havvind-eventyret 

Nordsjøen og norsk kontinentalsokkel har nokon av verdens beste vindressursar. Her kan havvindproduksjon i stor skala skape nye industrimoglegheiter for Norge som energinasjon. Med regjeringa sitt mål om 30GW tildelt havvind innan 2040 ser Equinor store moglegheiter for havvind i Norge.  

Derfor inviterer Hub for Ocean og Equinor til leverandørdag for havvind den 31.januar i Florø. 

 

Store leverandørmoglegheiter 

Den norske leverandørindustrien har en sterk moglegheit til å posisjonere seg innan havvind, og spesielt innan marknaden for flytande havvind, både i Norge og internasjonalt. Vår offshore bransje er full av verdsleiande kompetanse som kan overførast til havvind – vist gjennom leveransane til Hywind Tampen og Hywind Scotland.  

I tillegg til den norske regjeringa sine ambisjonar, er det I Europa satt mål om 60 GWt energi frå havvind allereie innan 2030. Equinor har store planar om å bidra til å nå målet. Innan 2030 skal Equinor installere 12-16 gigawatt med fornybar kapasitet, og en stor del av dette blir havvind. 

 

Equinor har store planar om å bidra med fornybar kraft fram til 2030, og havvind er eit av områda der dei satsar stort. Foto: Equinor. 

 

Hub for Ocean ønsker å få aktørar frå Vestlandet med i havvind-eventyret og skal saman med Equinor arrangere leverandørdag for havvind i Florø.  

“Under fjorårets nettverkssamling i oktober orienterte Daniel Rogstad, Head of Offshore Wind Business Development, om Equinor si satsing på havvind i Norge. Hub for Ocean utfordra Equinor på denne samlinga til å bli med som medarrangør av ein leverandørdag innan havvind i 2023. Fleire av våre medlemsbedrifter ønskjer større innsyn i korleis ein kan ta del i den verdikjeda som vert bygd opp rundt havvind denne satsinga, og ikkje minst leverandørmoglegheiter moglegheiter for leveransar av ulike tenester og produkt”, seier Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean. 

 

Under fjorårets nettverkssamling orienterte Daniel Rogstad om Equinor si satsing på havvind i Norge. Her under samtale om leverandørmoglegheiter innan havvind. Panelet bestod av (f.v.) Jon Dugstad (Norwep), Daniel Rogstad (Equinor), Irene Wergeland (Wergelandgruppen), Eivind Wiik (Fjord Base) og moderator Stein Kvalsund (Hub for Ocean). Foto: Hub for Ocean. 

 

På leverandørdagen vil bedriftene få informasjon om blant anna Equinor si satsing på havvind i Noreg, tekniske konsept og løysingar innan havvind og praktisk informasjon rundt kontraktar og kontrakstrategiar. I tillegg får bedrifter ein unik moglegheit til 1-1 møter med relevante personar i havvind-satsinga til Equinor. 

 

Snakk direkte med Equinor 

Det er framleis ledige 1-1 møte med Equinor, så meld deg på for å sikre deg eit møte!  


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

Linkedin

Maria Hunvik