Havyard Leirvik signerer kontrakt med ny og viktig kunde

Havyard Leirvik har signert kontrakt for ombygging av ferja M/F Vannes for ferjerederiet Boreal Sjø. Ferja må byggast om for å tilfredsstille krav frå Sjøfartsdirektoratet for å kunne operere i eit utvida fartsområde.

 

Prosjektet er viktig for Havyard Leirvik på grunn av at største delen av arbeidet er lokalt produsert, og innkjøpte verdiar er relativt liten. I tillegg er denne kontrakta ei viktig utviding av kundeporteføljen til verftet.

Vi er veldig tilfredse med å få etablert eit forhold til en ny kunde, og vi har store forventningar til samarbeidet. Vi har tru på at dette prosjektet blir ei ny erfaring som kan føre til ein lang og god relasjon, seier salgssjef Silje Smådal.

 

Det er gledelig at Boreal Sjø vel Havyard Leirvik som verft for ombygginga av M/F Vannes. Vi er avhengige av gode og krevjande kundar for å utvikle oss vidare. Vi ser derfor fram til å ha eit større prosjekt med ein ny relasjon, seier administrerande direktør Tor Leif Mongstad 

Ombygginga av M/F Vannes er eit typisk eksempel på ombyggingsoppdrag som det er venta å bli mange av i åra framover. Dei har normalt ein kontraktsverdi mellom 10 og 20 millioner kroner og gjennomførast i løpet av ein tre-fire månadars periode. Ferja er allereie på plass, og arbeidet med ombygginga er i startfasen.

Vi er svært glade for å kunne melde til våre dyktige medarbeidarar at vi har inngått ei kontrakt som bidrar til å sikre drifta vidare. Verftet er inne i ein god trend med fleire ordre innan service og vedlikehold, og med to større prosjekt i ordreboka ser framtida lysare ut, avsluttar Mongstad.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik