Hels på vår nye styreleiar!

Med eit sterkt engasjement for berekraft og lang erfaring frå det maritime vil advokaten ta Hub for Ocean inn i framtida. 

Cecilie Koch Hatlebrekke har praktisert juss sidan ho uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2003. Ho har erfaring frå forskjellige selskap som SubSea7, Wiikborg Rein på Shipping-Offshore avdelinga, G2 Ocean og som grunder i MH Partners. Den erfaringa tar ho no med seg inn som den nye styreleiaren i Hub for Ocean. 

Berekraft er avgjerande for å lukkast i framtida
— Cecilie Koch Hatlebrekke

Maritim næring har alltid vore Cecilie sitt fokusområde i jobb samanheng. I 2017 vart eit joint-venture selskap beståande av Grieg Maritime Group og Gearbulk, to av verdens største skipsoperatørar innan open hatch-segmentet, etablert. Selskapet fekk namnet G2 Ocean og var ein unik moglegheit fortel Cecilie:

 

Hels på Cecilie Koch Hatlebrekke, vår nye styreleiar! Foto: Cecilie Bannow.

Det er sjeldan det blir etablert selskap av denne dimensjonen i Bergen. Det kom ut ei stilling som juridisk direktør, og tenkte at dette er ein moglegheit eg ikkje kan gå glipp av. Eg kom heldigvis gjennom det tronge nålauget, fekk jobben og satt i leiargruppa til G2 Ocean i fire år. 

Å jobbe inhouse i Subsea7 og G2 Ocean var givande og ga meg eit nytt perspektiv. Her kunne eg verkeleg oppleve korleis eit selskap fungerer frå innsida og forstå korleis det er å drifte ein stor organisasjon. Det å sitte med eit finansielt ansvar for budsjett og sjå resultat i det man gjer, opplevde eg som kjekt og givande.  

Etter kvart som eg jobba der vart mine ansvarsområde utvida, og i G2 Ocean holdt eg i blant anna compliance (etterlevelse av lovar og reglar), HSEQ, og til slutt berekraft, seier Cecilie.  

 

 Dette vart ein ny fase i karrieren:  

Det var mykje arbeid med berekraft innan nybygg, og lite informasjon om korleis ein best skulle gjere dette arbeidet. Vi måtte finne ut av det på eigenhand, og jo meir eg leste og jobba med berekraft, jo større erkjenning fekk eg for at berekraft er avgjerande for å lukkast i framtida. Tar ein ikkje dette på alvor og riggar seg for å møte dei krava som kjem framover, vil selskapet kanskje ikkje eksistere i 2030 eller 2050. 

Etter kvart kom det førespurnadar frå andre selskap som også famna rundt i blinde med dei same problemstillingane og lurte på kva dei skal gjere. Når det er så mange aktørar med same problem, tenkte eg at det er lite hensiktsmessig at eg sitter aleine på denne juridiske kompetansen rundt berekraft. Derfor starta eg og ein anna advokat MH Partners - eit lite forretningsadvokatfirma med fokus på berekraft. Saman med selskapa brukar vi jussen som eit verktøy til å forstå krava som bedriftene må møte og finne ein  strukturert måte å jobbe på som gir konkrete resultat, seier Cecilie. 

 

MH Partner fekk ein fantastisk respons og fleire førespurnadar frå selskap for hjelp med å strukturere berekraft:  

Så ville tilfeldigheitene ha det til at Deloitte fatta interesse for firmaet vårt. Dei har hatt ei stor satsing på berekraft og ønska å styrke sitt arbeid innan det juridiske. I januar vart MH Partner kjøpt av Deloitte og vi gjekk inn som partnarar. Framover skal vi lede den nasjonale satsinga innan berekraftsrett. 

Det å ha vokse opp i vill natur i Nord-Norge og på Vestlandet, gjer noko med ein som person. Ein får ein heilt eigen respekt for naturen og naturkreftene.
— Cecilie Koch Hatlebrekke

Kvifor takka du ja til å bli den nye styreleiaren til Hub for Ocean? 

 

Foto: Cecilie Bannow.

Eg har eit ekstra engasjement for maritim næring, og spesielt Vestlandet. Eg vaks opp i Bø i Vesterålen i Nord-Norge, med den same naturen og tilknyting til kyst som her på Vestlandet. Maritim næring er på mange måtar navet i samfunnet. Det er det vi tidlegare har levd av, som vi i stor grad lever av i dag, og som vi forhåpentlegvis skal leve av i framtida.  

Derfor er det viktig for meg å vere ein bidragsytar i bransjeorganisasjonar for å løfte næringa, og samarbeide på det vi kan samarbeide om. Førespurnaden om å bli styreleiar i Hub for Ocean er ein perfekt moglegheit for meg å bidra til at maritim næring fortsatt blir ein stor bidragsytar for Noreg i framtida. 

 

Ho er også klar på at maritim næring no for ved eit viktig vegskilje for framtida:  

Akkurat no står maritim næring ved eit viktig vegskilje for framtida. Dersom vi no kviler på lauvbæra og venter på kva grøn energiform som blir den nye løysinga for framtida kjem andre nasjonar til å ta den ledande posisjonen som Noreg har.  

Dette vegskiljet som maritim næring no står i er også med å påverke vegen som Hub for Ocean skal ta vidare. Som ny styreleiar i Hub for Ocean håper eg å bidra med litt nye perspektiv - og skal forhåpentlegvis vere ein sparring-partner på kva som blir dei naturlege og riktige neste stega for organisasjonen. Etter 20 år i den maritime næringa sit eg også på eit stort nettverk, som eg forhåpentlegvis kan bruke til å styrke og utvide det solide nettverket som Hub for Ocean har. 

 

Kva motiverer deg til å jobbe med berekraft? 

 

Foto: Cecilie Bannow.

Her er det fleire grunnar og vanskeleg for meg å plukke ut berre ein. Den største grunnen er kjærleiken eg har til naturen. Det å ha vokse opp i tilsvarande natur som ein får på Vestlandet, gjer noko med ein som person. Ein får ein heilt eigen respekt for naturen og naturkreftene.  

Etter kvart som eg var eldre har det vekse på meg at vi menneske er ein del av naturen sitt kretsløp, der menneske påverkar naturen og omvendt. Det er eit gjensidig band og avhengigheit som er uhyre viktig. Det har eg eit sterkt ønske om å ta vare på, for å sikre at dei framtidige generasjonane kan få den same gleda av naturen som vi har hatt, avsluttar Cecilie.  

 

Endringar i styret 

Vi vil gjerne takke Per Jørgen Silden for jobben han har gjort som styreleiar i Hub for Ocean sidan 2018. Kari Bjørbæk i Equinor har gått ut av styret, og inn kjem Linda Mortensen Midtbø frå Florø Hamn KF. Styret ser no slik ut:  

  • Cecilie Koch Hatlebrekke, styreleiar, Deloitte 

  • Anders Haugen, nestleiar, Hellenes 

  • Per Jørgen Silden, Skipskompetanse

  • Linda Mortensen Midtbø, Florø Hamn KF 

  • Frode Lindvik, Strukturplast 

  • Maren Avsnes Klakegg, Neptune Energy  

  • Ole Anders Smørdal, Westcon Yards Florø  

 

Frå venstre: Linda Mortensen Midtbø (Florø Hamn), Frode Lindvik (Strukturplast), Kristin Svardal (dagleg leiar, Hub for Ocean), Maren Avsnes Klakegg (Neptune Energy), Cecilie Koch Hatlebrekke (styreleiar, Deloitte), Ole Anders Smørdal (Westcon Yards Florø), Anders Haugen (nestleiar, Hellenes). Per Jørgen Silden (Skipskompetanse) var ikkje tilstades. Foto: Maria Hunvik.

 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik