Kvar dag forbetrar vi kvardagen

Gjennom brei fagkunnskap, nyskaping og innovasjon utviklar Norconsult stadig meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. No har dei blitt ein del av nettverket til Hub for Ocean.

Norconsult sine tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Dei leverer tenester innan planlegging og rådgjeving i alle fasar av oppdraga; frå idéfase og overordna planer til prosjektering og driftsstøtte. I gamle Sogn og Fjordane har over 70 tilsette fordelt på kontor i Sogndal, Årdalstangen, Gaupne, Førde, Sandane og på Nordfjordeid.

Vi tok ein prat med Lars-Idar Vegsund, avdelingsleiar for Norconsult Førde.

Kva håper de å få ut av medlemsskapet?

I Norconsult har vi tru på at lokal kunnskap, lokal tilstedeværelse og fagleg samarbeid er ein styrke, og en fordel for kundane. Derfor finn du eit Norconsult-kontor både på mange små og store plassar i Noreg – og i utlandet. Vi håper at vi som lokal aktør i Vestland kommer enda tettare på kundane innan industri og maritim næring, som er et satsingsområde for selskapet. Vi har en tydeleg fokus i prosjekt innan akvakultur, havvind og industri langs kysten, seier Lars-Idar Vegsund.

 

Kva tankar har de for framtida?

Norconsult er eit rådgjevarselskap som ønsker å bidra til å gjere morgondagens samfunn litt betre enn dagens. «Kvar dag forbetrar vi kvardagen», seier vi. Gjennom brei fagkunnskap, nyskaping og innovasjon utviklar vi stadig meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar.

 

Prosjektering av ammoniakkanlegg i Svelgen

For augeblikket har Norconsult fleire oppdrag som skal bidra til ein betre kvardag. Dei har sikra seg avtale med Fortescue Future Industries (FFI) om prosjekteringa av eit produksjonsanlegg for grøn hydrogen og grøn ammoniakk i Svelgen. Produksjonsanlegget har ein mogleg kapasitet på 30 megawatt og dei høge ambisjonane til FFI gjer at prosjektet er det nest største planlagde anlegget i Noreg! Her skal Norconsult gjennomføre grunnundersøkelser, prosjektere sjølve produksjonsanlegget med tilhøyrande element og infrastruktur, samt ei ny hamn for å støtte prosjektet.

Det er svært spennande å jobbe tett på FFI i dette prosjektet. Det er eit stort tverrfagleg prosjekt og avtalen bekreftar at vi ligg heilt i front på grøne industriprosjekt, seier konsernsjef i Norconsult Egil Hogna.

VIKTIG KONTRAKT: Australske Fortescue Future Industries valde Norconsult, her ved direktør teknikk og industri Henning Vellene (t.v.) og konsernsjef Egil Hogna, til å prosjektere eit nytt anlegg for grøn ammoniakk i Svelgen.

Nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean? 

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik