Byggeleiar på Sande Settefisk

Sande Settefisk i Gloppen er i sluttfasen med å etablere ny avdeling for produksjon av postsmolt. Her er Novaform innleigd som prosjekt- og byggeleiar og KU.

 

Sterner AS er i desse dagar i sluttfasen av eit prosjekt for Sande Settefisk på Sandane. Dei skal levere ein komplett nytt anlegg med RAS teknologi og deira løysing rundt slambehandling med MAT teknologi, der slammet blir brukt som gjødsel i norsk landbruk. Novaform er innleigd som byggeleiar, og skal sørge for at arbeid som utførast er i samsvar til avtalane og kontraktane som er gjort, samtidig som ein tar vare på sikkerheita på byggeplassen.

Byggeleiar Mannebrekke

Kristian Mannebrekke frå Novaform har vore byggeleiar for prosjektet til Sande Settefisk. I tillegg har det vore ein ressurs tilsett i ei mindre stilling på 25 – 40% som KU. KU, eller koordinator utførande, har som ansvar å ivareta krav til koordinering og samtidig sørge for at byggherrens krav om førebyggande tiltak rundt sikkerheit, helse og arbeidsmiljø vert gjennomført.  

Novaform kom inn i prosjektet etter ein endring i byggeleiing nokon månadar etter oppstart. Når vi kom inn i byggeriet, var dei fleste betongelementa i karhallane montert. Den delen som ikkje var montert var RAS-avdelinga, seier Mannebrekke.

 

RAS anlegg er landbaserte oppdrettsanlegg som gjenbrukar vatn. Vatnet vert reinsa i eit mekanisk og biologisk filtersystem før det returnerer til karet.

Filtersystemet tar ut CO2 frå vatnet og tilsett oksygen før det blir sendt tilbake til fiskekara. Ein slik produksjonsform krev mindre vatn, og er meir berekraftig av natur, fortsett han med.

Potensielt 5x auke i produksjon

Utbygginga av anlegget har eit potensiale for å auke produksjonen til settefiskanlegget frå 1 millionar smolt til 5 millionar. Her er det i hovudsak laks og regnbogeørret som blir produsert. Smolten vert sendt ut til Svanøy Havbruk og Nordfjord Laks. Anlegget inneheld tre adskilte avdelingar, med eit klekkjeri og to påvekstavdelingar. Kvar avdeling har ei maksfôring på 1500 kilo per døgn.

Det har vore eit svært lærerik prosjekt å få delta i, denne typen bygg, og med den teknologien som blir brukt, er nytt for min del. Med det potensialet som ligg i landbasert oppdrett er det spesielt kjekt å få delta i eit prosjekt som dette. Som byggherre er den dagen fisken svømmer i anlegget og å sjå det i praksis ein spesiell dag, avsluttar han med.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik