Ny dagleg leiar i Hub for Ocean

Stein Kvalsund gjev roret vidare etter 10 år som kaptein for Hub for Ocean.

Kristin Svardal heiter den nye daglege leiaren i Hub for Ocean. Etter 3 år som nestleiar og 5 år som tilsett kjenner Svardal organiasjonen godt. Ho blir no dagleg leiar for 7 tilsette og eit nettverk som består av totalt 130 bedrifter i inn- og utland.

Stein Kvalsund, som var med på å opprette Hub for Ocean for 10 år sidan, fortel kvifor han no vel å gje roret vidare:

 

- Det har vore viktig for meg å planlegge ein god overgang for Hub for Ocean ved å søke etter ein ressurs som kjenner organisasjonen godt. Sidan Kristin Svardal har vore fungerande nestleiar sidan januar 2019, sikrar vi at organisasjonen blir godt ivaretatt. Kristin har kvalitetar innan leiing og fag som vil styrke den vidare utviklinga av organisasjonen saman med eit svært fagleg dyktig team. Med Kristin bak roret er vi godt rusta til å møte framtida!, seier Stein Kvalsund.

Kristin Svardal (til venstre) og Stein Kvalsund ser fram til ein spennande haust i nye roller.

 

Kristin har bakgrunn fra Equinor og Sparebanken Sogn og Fjordane. Med erfaring innan sal, prosjekt og leiing tek ho no over som dagleg leiar. Ho har vore tilsett i organisasjonen som forretningsutviklar sidan 2017. I 2019 fekk ho rolla som prosjektleiar for Ocean Hyway Cluster, hydrogenklynga som er drevet av Hub for Ocean.

Kvalsund i ny rolle

Hub for Ocean kjem framleis til å nytte godt av Stein Kvalsund sitt sterke engasjement. Han går no over i ei rolle som COO/viseadministrerande leiar. Framover vil han fokusere på nettverksaktivitetar, samt strategiske satsingar som kan utvikle Hub for Ocean som ein synleg og livskraftig organisasjon i åra som kjem. Stein ønsker å overføre kunnskap og kompetanse oppsamla gjennom mange år med ulike former for utviklingsarbeid i samarbeid med både næringsaktørar, offentlege, politisk forvalting og verkemiddelapparatet.

Styreleiar i Hub for Ocean, Per-Jørgen Silden, meiner Kvalsund har betydd mykje for medlemsbedriftene:

 

Stein har siden oppstarten vært en tydelig stemme for medlemsbedriftene, og i takt med tiden og endringer i kommuner og fylkesgrenser utviklet organisasjonen til det Hub For Ocean er i dag med driften av Arena Pro Ocean Hyway Cluster. Jeg tror ingen tilbake til 2012 kunne drømt hvor denne reisen skulle gå. Jeg ønsker å takke Stein for det arbeidet han utrettelig har utført som daglig leder og er glad for at han vil fortsette i en sentral rolle i HfO, og ikke minst være støttespiller for Kristin som tar stafettpinnen videre som ny Daglig leder, seier Silden.

Per-Jørgen Silden, styreleiar i HfO, og Dagleg leiar for Skipskompetanse i Måløy.

 

- Bruk oss aktivt!

Kristin Svardal fungerer som dagleg leiar frå august 2022, og er no godt i gang med arbeidet.

Eg vil takke Stein og styret for tilliten som blir vist meg. Det er ein slagkraftig organisasjon med eit breitt nettverk eg tek over roret for, og eg ser fram til å ta fatt på rolla som dagleg leiar ilag med eit sterkt team i ryggen. Det er imponerande å sjå korleis organisasjonen har utvikla seg dei siste åra, inkludert oppbygginga av ei nasjonal klynge innan hydrogen med hovudsete i Florø. Med dette grunnlaget har vi det beste utgangspunktet til å bistå nettverket vårt til ytterlegare utvikling og vekst, seier Svardal.

Svardal har ei klar oppfordring til medlemmane:

Gjennom åra har vi bygd opp eit solid nettverk og kompetansegrunnlag som medlemmane kan og bør nytte seg av. Vi likar å dra referansen til eit medlemskap på treningsstudio: dei mest aktive medlemmene er dei som får mest igjen. Så eg oppfordrar næringa til å ta kontakt og bruke oss aktivt, vi er til for dykk!

Om Hub for Ocean

 
  • I 2012 blei Maritim Forening Sogn og Fjordane oppretta av Stein Kvalsund med fleire. I 2019 skifta foreninga namn til Hub for Ocean.

  • I dag har Hub for Ocean 8 tilsette som alle har kontorstad i Florø.

  • 60 aktørar i havnæringa på Vestlandet er medlem i Hub for Ocean. I tillegg kjem 74 bedrifter i inn- og utland som er medlem i Ocean Hyway Cluster, klynga er drevet av Hub for Ocean.

  • I 2019 fekk Hub for Ocean nasjonal støtte til å opprette næringsklynga Ocean Hyway Cluster. Klynga er i dag det leiande nettverket for maritim hydrogen i Noreg. I 2021 kom klynga gjennom eit trangt nålauge då ein blei tildelt status som Arena Pro klynge, som ein av fire klynger blant 14 søkarar.   

Trond Strømgren (til venstre) og Stein Kvalsund viser fram kontorlokala i 2014.

Teamet i 2017. Frå venstre: Kristin Svardal, Stein Kvalsund, Maria Brandsøy og Trond Strømgren.   

 
 

Hub for Ocean feirar 10års-jublieum i år. I løpet av desse åra har organisasjonen vokst mykje, både i tal medlemsbedrifter og talet på tilsette.

Ta gjerne kontakt

Stein Kvalsund og Kristin Svardal er lett tilgjengeleg for ein prat i dag. Slå gjerne på tråden!

Kristin Svardal

Dagleg leiar
+47 905 12 728
kristin@hubforocean.no

Linkedin

Stein Kvalsund