Westcon sikrar sitt første prosjekt innan havvind!  

Westcon Yards har store ambisjonar og signerer intensjonsavtale med svenske SeaTwirl for produksjon av offshore vindturbinar. Turbinane skal produserast på Westcon sitt verft i Florø.  

 

Fabrikasjon av stålstrukturane er planlagt ved Westcon sitt verft i Florø og deretter transportert til Dommersnes Industriområde for komplett samanstilling og testing. Deretter komplett turbin slept til Bokn der dei skal installerast. 

 

Dei nye S2X offshore vindturbinane til SeaTwirl har ein stor fordel med eit enkelt, robust og kostnadseffektivt design som også fører til lavare service- og vedlikeholdskostnader sammenligna med andre tradisjonelle vindturbiner. Illustrasjon: SeaTwirl

 

Westcon skal ha fullt ansvar for både fabrikasjon og installasjon av turbinen og etablerer seg dermed som ein komplett og langsiktig leverandør for prosjekt innan flytende havvind.  

Ringverknadar for regionen 

Det er veldig kjekt å få sikra oss vårt første prosjekt innan havvind. Vi har lenge jobba med berekraftig produksjon, så då er det kjekt å ta det enda lenger med produksjon av berekraftige produkt, seier Ole Anders Smørdal - teknisk sjef ved Westcon Florø.  

 

Marknaden innan havvind er stort og å levere turbinar til SeaTwill vil gi opne dører og sikre arbeid ei god stund framover. Florø-området har aktørar i havvind miljøet og vi håpar kontrakta gir gode ringverknadar for andre bedrifter og næringar i regionen, avsluttar han med. 

Ole Anders Smørdal - teknisk sjef ved Westcon Florø

Ny marknad 

Vi vel å halde produksjonen i Noreg for å markere at vi har tru på norsk industri og ønsker å byggje opp ein berekraftig leverandørkjede for denne næringa, kommenterer Stian Røsdal, avdelingsleiar for grønn og bærekraftig teknologi i Westcon. 

SeaTwirl representerer den nyskapende S2x offshore vindturbinen der den store fordelen er eit enkelt, robust og kostnadseffektivt design som også fører til lavare service- og vedlikeholdskostnader sammenligna med andre tradisjonelle vindturbiner. 

Å sikre partnarar med evnen til å støtte oss utover S2X-prosjektet er viktig for å realisere vår visjon om å bli ein leiiande leverandør til store havvindparkar. Vi ser fram til å jobbe med Westcon Yards, seier Peter Laurits, administrerende direktør i SeaTwirl. 


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin